NewsCloud: – Ein app for avisredaksjonar?


– Godt innhald må framleis skapast som før, men det kan bli formidla på nye og originale måtar, seier Bjørnar Tessem. – Vi har laga ein app der brukaren kan lese Bergens Tidende-artiklar frå 2012 til 2015 utifrå kvar i byen dei er.                                                          

Del artikkelen:


Skriven av: Aleksander Nygård Tonheim

Publisert: 13.05.2016

Bjørnar Tessem er professor i informasjonsvitskap ved institutt for informasjons- og medievitskap. Tessem forskar blant anna på lokasjons-baserte system, mobile teknologiar og har bidrege til utviklinga av smidig systemutvikling.

Laga for redaksjonar

NewsCloud brukar ein automatisk algoritme for å lokasjonsfeste innhald til spesifikke stader. Tessem forklarar at artiklane dei brukar er frå 2012 – 2015, og er knytt til spesifikke koordinatar i Bergen. Brukaren kan dermed finne nyheiter som ligg nær, og får ei liste over artiklar som kan vere relevant å lese mens ein er akkurat på den staden.

Tessem seier at NewsCloud kan vere til bruk for redaksjonar, som ein måte å distribuere både nye og gamle artiklar som er knytta til ein konkret stad. – Lokasjonsteknologi kan verte eit friskt pust for den lokale mediebransjen, seier Tessem. Men dette er framleis ein teknologi som er ganske uprøvd, og redaksjonane veit ikkje heilt korleis dei skal stilla seg til den. Han forklarar vidare at den økonomiske situasjonen kan vere ein grunn til at mediehus er redde for å ta sjansar.

Fakta om NewsCloud

Ein applikasjon som distribuerer innhald til smarttelefonar.

Lagar ordskyer med informasjon basert på brukarens posisjon.

Kvart ord i ordskya representerer ein artikkel (frå t.d. Bergens Tidende).

Applikasjonen vart fyrst testa under namnet PediaCloud i 2014. Testen gjekk føre seg i London og bekrefta at det er verdt å vidareutvikla appen

Les om NewsCloud i BT-bloggen : Ordsky for lokale fakta.

Vitenskapelige artikkel: Word Cloud visualisation of locative information.

Personar bak

Professor Bjørnar Tessem, professor Lars Nyre, professor Weiqin Chen, førsteamanuensis Solveig Bjørnestad.

Testa i London

Newscloud vart utvikla i 2013, og vart testa i London i 2014. Prototypen er då kalla PediaCloud, og viste ei ordsky på mobiltelefonen som viser ord som er relevante for den plassen ein er på. Tessem forklarar at relevansen finn ein ved å slå opp i DBpedia, som er ein slags database-versjon av Wikipedia.

Testpersonane fekk PediaCloud installert på sine smarttelefonar for å teste prototypen i ei veke. Under kvalitative undersøkingar kom det fram overraskande resultat.

Tessem forklarar at det blant anna vart funne ein artikkel om ”little ben”, som er ein liten kopi av Big Ben inne på Victoria Station. – Det er kanskje litt rare ting ein finn ut med denne appen, som gjerne er underhaldande og nerdete men ikkje så veldig nyttige.
Eksperimenta våre viste at dei brukarane som prøvde appen syns den var interessant og samstundes litt rar. Dei fann overraskande ting som dei ikkje hadde tenkt seg kunne vere relevant for staden. «Serendipitet» er eit ord som beskriv denne måten å finne informasjon på. Ved ei slags lukkeleg tilfeldigheit så finn ein noko verdifullt – i vårt tilfelle verdifull informasjon.

Brukar den semantiske veven

PediaCloud tek også i bruk den semantiske veven for å legge til rette for assosiasjoner til emne som er skrive artiklar om. – Det blir brukt den semantiske veven til å hente anna informasjon, og det er difor ein få denne serendipitet-effekten som brukarar ikkje hadde tenkt har ein relasjon, men så har det ein relasjon likevel, fordi det er ei kopling i den semantiske veven.

Anbefalt for deg

Prosopo

Prosopo lagar nye typar medieinnhald for å utforska etiske grenseflater som elles ikkje ville vore tilgjengelege enno.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *