OPUS: – Verkty for feature-journalistar med fokus på samarbeid


Studentar ved bachelorprogrammet nye medier har denne våren vore praktikatar hos mediebedrifter i Bergen. Kari-Anne Børve, Øystein Kvalheim og Øyvind Tveit er i gruppe som har arbeida hos M’LABS, der dei utvikla OPUS, ein programvare for samarbeid og organisering.

Del artikkelen:


Skriven av: Aleksander Nygård Tonheim

Publisert: 13.06.2016

Fokus på samarbeid, sikkerheit og organisering

Studentane forklarar at dei har laga ein klikkbar prototype med ei funksjonell utviding. Der den funksjonelle utvidinga er ein Google Chrome extention som skal hjelpe journalistane med kreativitet og effektivitet.

Tveit fortel at journalistane trong ein programvare med fokus på samarbeid og sikkerheit. – Dei trong programvare for samarbeid, kollaborativ programvare, samstundes som løysinga var sikker.

Etter å ha undersøkt med journalistar fann dei ut at det var journalistar som arbeida med feature-saker som hadde størst behov. – Det var ikkje eit stort behov for eit slikt system for til dømes nyheitsjournalistar eller sportsjournalistar. Innsamling av data som informasjon, bilete og tidslinjer er ikkje like viktig for dei, seier Tveit.

– Journalistane syns ikkje det var bra å legga ut sensitiv informasjon på til dømes Google Drive. Dette er grunna sikkerheita til kjeldene som vart brukt i ulike saker, fortel Tveit.

”Draumeprogram”

Studentane undersøkte kva ”draumeprogrammet” til journalistane skulle innehalde. – Det var fleire low fidelity prototypar som utgangspunkt etter kvalitativ innsamling av data frå journalistane, seier Tveit.

Journalistane sa akkurat det dei ynskte seg, og då tok studentane utgangspunkt i ynska og laga fleire prototypar. Tveit fortel at dei måtte rangere ynska for å få fram dei viktigaste ynska om kva funksjonar ”draumeprogrammet” skulle ha.

Funksjonar i OPUS

”Check list”, passar på at journalistane er involvert i fleire prosjekt dei arbeidar på.

”Pictures, documents, recordings og video” skapar oversikt over mediefilane til kvart prosjekt

”Notes” inneheld notater som journalistane finn på nett ved hjelp av den funksjonelle utvidinga som er ein Google Chrome extention.

”Chat”, øvst i menyen, er ein chattefunksjon mellom deltakarane i eit prosjekt.

Eit vakuum for organisering

Børve fortel at våren har vore spennande. – Vi starta med eit møte hos M’LABS der vi møtte CEO Christian Erichsen. Gjennom semesteret her gruppa blitt kjend med eit prosjekt som heiter ”JUICE”, som er ein søkemotor for journalistisk arbeid. Studentgruppa skulle bruke kvalitativ og kvantitativ metode for å finna ut om det var ein marknad for søkemotoren i den norske mediebransjen.

Tveit fortel at det ikkje var eit stort behov for søkemotoren for journalistar. – Vi starta med å intervjue journalistar om korleis dei arbeida, og kva dei mangla i kvardagen. Det var feature-journalistar som etterlyste eit program for samarbeid, sikkerheit og organisering.

Lærerik praksisperiode

Studentane seier at dei fekk ny og viktig lærdom av å arbeide i ei mediebedrift i samarbeid med universitetet i Bergen. Tveit seier at det var godt å ikkje få alt servert på eit sølvfat. – For min eigen del har eg lærd å bli meir sjølvstendig og å ta eigne val som til dømes då vi fann ut at det ikkje var marknad for søkemotoren ”JUICE”.

Kvalheim seier at dei fekk god hjelp av rettleiaren sin. – Joao Ribeiro har hjulpe oss på kvart møte vi har hatt, legg Kvalheim til. Studentane er einige i at Lean metode har hjelpt dei til å kunne tilpasse seg nye endringar raskt.

Fakta om OPUS

INFOMEVI 270 er eit avsluttande fag for studentar ved bachelorprogrammet nye medier.

Kurset er todelt og består av ein praksisperiode, og den andre delen ei bacheloroppgåve

Prototypen er utvikla for journalistar som skal skriva feature-saker.

Opus er utvikla av Kari-Anne Børve, Øystein Kvalheim og Øyvind Tveit.

Anbefalt for deg

INJECT: Future Journalism, Now

Universitetet i Bergen deltek i EU-prosjektet frå 1. Januar 2017 og vil ha ei rolle i den første iterasjonen med å utforme det første INJECT-økosystemet. INJECT skal testast i tre avisredaksjonar i Noreg, Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *