BT Personalisering: Ei skreddarsydd avisframside


Studentar ved bachelorprogrammet nye medier har denne våren vore praktikantar hos mediebedrifter i Bergen. Martin Tuft Torvund og Tom Strømø ei gruppe som har utvikla ein journalistisk prototype med hovudfokus på personalisering hos Bergens Tidene. Vil løysinga bli oppskrifta på personaliserte nyheitsframsider?

Del artikkelen:


Skriven av: Aleksander Nygård Tonheim

Publisert: 13.06.2016

– Vi har laga ein personaliseringsløsning for Bergens Tidene basert på brukarens preferansar, seier Tom Strømø. Studentane Tom Strømø og Martin Tuft Torvund har utvikla ein prototype for korleis ei personalisert framside hos Bergens Tidene kan bli sjåandes ut.

Brukar ”vekttal”

– «Vekttal» er eit begrep vi brukte for å vise til at vi har gitt kvar av sakene ein rangering av kor viktig ei sak er, seier Strømø. I biletet under ser ein korleis «vekttala» er brukt for å tilpasse framsida til Bergens Tidene. Tala som er vist i biletet vil ikkje bli visa til lesarar, dei illustrerer korleis sakene blir rangert.

Personaliseringa fungerar slik at brukaren sjølv kan bestemme kva type saker dei vi få fram først på framsida si. Studentane forklarar at brukarane får ein heilt unik framside for sine preferansar ut i frå dei fire ulike emnene, sport, politikk, økonomi, og kultur.

Nyheitsredaksjonane har framleis makt

Sjølv om brukaren kan velje kva som skal visast på si framside har nyheitsredaksjonen framleis makt over rangeringa. – Dei kan styre brukarar mot nyheiter dei meiner er viktige ved å gi saka eit høgt vekttal, seier Strømø.

Ved å gi ei toppsak «vekttalet» 1, vil saka hamne øvst på alle personaliserte framsider. – Har ei sak ein «viktigheit» på «vekttalet» 8 vil denne saka bli sett på som mindre viktig, og vil mest sannsynleg hamne nedst på den personaliserte framsida, legg Strømø til.

Interaktiv prototype

– Prototypen gir brukaren moglegheita til å velge sine preferanser utifra ein slider med fire emne; sport, kultur, politikk og økonomi. Brukaren kan bruke slideren til å tilpasse i kor mykje ein vil ha av kvart av desse emna, og forsida vil forandre seg etter det.

Tatt utgangspunkt i kva lesarar ikkje vil lese

Difor har studentane laga prototypen som skreddarsyr framsida til brukarar som loggar seg inn hos Bergens Tidene. For å kunne personalisere framsida til ein brukar krevjar dette at brukaren er logga inn, slik at systemet kan samle inn anonyme data for å måle effekt. – Dermed kan lesaren få ein helt unik framside for sine preferansar ut i frå de fire ulike emna, sport, kultur, økonomi, og politikk, legg Strømø til.

Fakta om BT personalisering

INFOMEVI 270 er eit avsluttande fag for studentar ved bachelorprogrammet nye medier.

Kurset er todelt og består av ein praksisperiode, og den andre delen ei bacheloroppgåve

Prototypen er utvikla for Bergens Tidene.

Personar bak: Martin Tuft Torvund og Tom Strømø.


1938 Adler Favorit 2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *