Norsk radio må reddast


GENERASJON MOBIL: Særleg unge lyttarar vil slutta å forholda seg til radioen som ei fellesnorsk offentlegheit. Dei brukar jo for det meste mobiltelefonen. FOTO: ILLUSTRASJONSFOTO: SCANPIX

Norsk radio risikerer å visna bort i skuggen av DAB-monolitten. Om nokre dagar byrjar dei å skru av FM-sendenettet rundt om i Noreg. Kva kjem til å skje med norsk radiolytting når omstillingsprosessen er fullført?

Del artikkelen:


Skriven av: Lars Nyre

Publisert: 14.03.2017

Norsk radio risikerer å visna bort i skuggen av DAB-monolitten.

Frå 1930-talet og framover vart radioen gjort til eit offentlig gode, på linje med andre offentlege tenester som veg og vatn. NRK fekk privilegium i form av stabile lisensinntekter, og i tillegg fekk dei programforpliktingar. Forpliktingane var knytt til kvalitetsprogram innafor informasjon, opplysning og underhaldning. Tilbodet skulle vera likt til alle i Noreg. Radioen skulle nå folk same kvar i landet dei bur, og gje alle opplevinga av å høyra dei same programma til same tid. Samla sett skulle dette bidra til å styrka ein fellesnorsk identitet. Desse verdiane kallar eg «det beste frå det gamle», og dei er viktige å oppretthalda i ei tidsmessig fornya form.

Ved å skru av FM-infrastrukturen, tvinger staten allmennkringkastinga over på DAB-radio. Men dette er ein overgang frå ein type einvegskommunikasjon til ein annan, utan nokon fornying av allmennkringkastinga. Til dømes er ikkje DAB-teknologien kopla til internett, den er ikkje lett å bruka når lyttaren er på farten, og den har dårleg potensial blant unge lyttarar som for det meste brukar mobiltelefonen. Den er forresten også eit pengesluk som hindrar innovasjon i andre retningar.

DAB-teknologien er skapt utifrå interessene til innhaldsprodusentar som NRK, overnasjonale forvaltningsorgan som European Broadcasting Union og elektronikkbransjen (t.d. Elkjøp). Dei vil oppretthalda og styrka sin posisjon i marknaden så lenge dei kan. Desse aktørane er ikkje dei beste til å forvalta allmennkringkastinga i framtida.

Samtidig vert det utvikla nye medieløysningar heile tida blant amatørar, entreprenørar og akademikarar. All denne innovasjonen føregår på internett og mobiltelefon, medan ingenting nytt kan oppstå på DAB-plattforma.

Desse verdiane kallar eg «det beste frå det gamle», og dei er viktige å oppretthalda i ei tidsmessig fornya form.

Lars Nyre

Professor

Radiomediet kan få problem med å halda seg relevant for offentlegheita. Det er fare for at særleg unge lyttarar sakte men sikkert sluttar å forholda seg til radioen som ei fellesnorsk offentlegheit, hovudsakleg fordi dei brukar appar og nettsider på mobiltelefon, og spelplattformar som Playstation og Xbox. Dei kjem til å høyra mindre og mindre på allmennkringkastinga sitt kvalitetsinnhald, der kritisk journalistikk, dokumentarar, humor og norskspråkleg musikalsk underhaldning står sentralt. Dei unge er ei spesielt viktig lyttargruppe fordi deira åtferd i stor grad vert vidareført også når dei vert eldre.

Kva kan gjerast? Det verkar fornuftig å bygga ut alternative former for allmennkringkasting på mobiltelefon, nettbrett og PC. Desse verktøya er i motsetnad til DAB kopla til internett, og har innebygd GPS, mikrofon, kamera og andre sensorar. Brukaren har stor valfridom. Ho er kopla til live nettradio frå heile verda, og kan lytta til innspelt musikk kor som helst, t.d. med Itunes og Spotify. Samtidig kan brukaren bruka sosiale medium som Facebook, Twitter og YouTube.

Til saman utgjer internett og mobiltelefon ein fleksibel tovegsplattform som kan brukast til allslags lydprogram, og den har enormt innovasjonspotensial for norsk radio.

To utviklingstrekk er særleg viktige. Podkasting er i ferd med å verta eit desentralisert nytt medium som tek over for tradisjonell radio. Det finst ei rekkje private podkastar, til dømes «Tusvik og Tønne» og Morgenbladets podkast. NRK driv heldigvis også med podkast-produksjon, med formidlar hovudsakleg radioprogram og er ikkje så innovative som dei mange små nye initiativa.

Capsule.FM er ein ny type radio som serverer eit lokalisert tilbod av nyheiter, musikk, vêr, trafikk, vitsar og sosiale medium-innhald. På denne radiostasjonen er programvertane faktisk datamaskiner, og dei heiter Carl og Miranda. Capsule.FM har berre ca. 10.000 lyttarar i Noreg i dag, og dei tilhøyrer innovatørane og tidlege brukarar.

Slike radiotilbod undergrev posisjonen til DAB. Dei tek små marknadsandelar hjå tidlege brukarar med sitt nye og rare innhald. På kort sikt ser dei ikkje så farlege ut for den etablerte radioen, men på lang sikt kan dei komma til å overta dominansen. Med ein annan mediepolitikk ville slike initiativ vore mykje meir utbreidde.

Dersom me førestiller oss at investeringane Noreg så langt har gjort i DAB-teknologien heller vart brukt på internett, ville me hatt ein langt større flora av nye sjangrar og programformat, og sikkert også nye former for deltaking frå vanlege folk.

Radioen må tilpassast moderne lyttaråtferd, og utviklast særskilt nøye for lyttarar i urbane, mobile settingar. Difor trengst det eit topp moderne, statleg drive mobilt nettverk i Noreg.

Bergens Tidende tek til orde for dette i ein leiar 19. juli 2016. «Landsdekkjande internett er framleis berre ein visjon, og vil krevje enorme investeringar og politisk handlekraft i framtida. Inntil det skjer, får vi leva med DAB-radioen». Men dette hastar meir enn Bergens Tidende vil ha det til. Noreg er nøydd til å laga dei tekniske plattformane sjølv, utifrå vår geografi, våre busetnadsmønster, kulturelle verdiar og lokale særtrekk. Dette er ein saktegåande jobb som ikkje kan utsetjast.

Dersom norsk allmennkringkasting skal overleva på lang sikt, må regjeringa snarast innretta mediepolitikken slik at det kan skapast alternativ til DAB. Her er framlegg til tre strakstiltak:

Innovasjon Norge må stimulera til etablering av små, nye produksjonsfirma innan alle former for lyd-kommunikasjon, til dømes podkasting, kunstig tale og innhaldsproduksjon.

Forskingsrådet må stimulera til eksperimentering med nye medieformer i akademia. Universitet og høgskular som har medieutdanningar, bør få spesielt ansvar for å utvikla prototypar på nye medium.

NRK-leiinga må stimulera sine tilsette til å utforska nye grensesnitt og programtypar slik dei har gjort med «Skam» og den nye krimpodkasten «Purk eller skurk» om politimannen Eirik Jensen.

Det trengst radioinnovasjon på brei front. Viss ikkje kjem norsk radio til å visna bort i skuggen av DAB-monolitten.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *