– Undrande, men spent til INJECT


Avisa Hordaland ligg på Voss og krev ein times togtur frå Bergen. Undervegs får ein sett glimt av sterke fargar og fin natur avbroten med fleire mørke tunellar, og i dag handlar det om å forberede journalistar som skal bruke INJECT i løpet av sommaren. Journalist Sara Finne og ansvarleg redaktør Geir Geitle frå lokalavisa Hordaland er intervjua om korleis det blir å lage lokaljournalistikk med INJECT.


Skriven av: Aleksander Nygård tonheim

Publisert: 20.12.2016

Sara Finne har arbeidd hos Avisa Hordaland fast i 3 år og likar at ein kan møte mange nye folk.

– Det er ein utruleg variert arbeidskvardag, kan skrive i alt frå koselege lokalsaker til større seriøse saker. Det er veldig givande å arbeide i lokalavisa fordi den er så viktig for mange i lokalsamfunnet, fortel Sara.

Ein vanleg arbeidsdag for Sara er å deske saker og skrive saker til nettavisa. Nett no arbeider Sara med spalta “Sommarflørten 2017”, som handlar om å intervjue par busett i dekningsområdet.  – Eg har ein teori med at alle har ei fin kjærleikshistore, og det treng ikkje å vere ei ‘sjuk’ historie, men ei vanleg kjærleikshistorie. Sara får blant anna tips frå personar både på Facebook, Snapchat og e-post, og arbeidet med å finne intervjuobjekt er ikkje lett.

– Vi må ut og møte dei der dei bur. Sist reiste vi til Ulvik for å intervjue eit par, og det tok omlag 40 minutt kvar veg. Vi er vande med å reise langt for å få intervju og vi har jo dekningsområde heilt frå Vaksdal kommune til Eidfjord kommune, legg Sara til.


Geir Geitle er ansvarleg redaktør i avisa Hordaland, og har jobba i avisa i meir enn 30 år.  – Eg er undrande, men spent, fortel redaktør Geir Getle om korleis INJECT kjem til å fungere i avisa. INJECT lovar fleire kvalitetssaker laga raskare enn før og høgare lesartal i avisa.

Geitle fortel at dei var redd for ein nedgang i antall abonnementer, sidan dei i fjor mista fleire abonnement etter sommaren. – Vi har fått omlag 200 nye abonnentar dei siste månadane grunna ny betalingsløysing då vi gjekk over til eit nytt CMS levert av Agder media.

I løpet av sommaren og hausten 2017 skal Universitetet i Bergen samle inn dokumentasjon om korleis INJECT kan fungere i verkelege situasjonar. Og korleis kan INJECT gje superkrefter til lokaljournalistikken?

Anbefalt for deg

Prosopo

Prosopo lagar nye typar medieinnhald for å utforska etiske grenseflater som elles ikkje ville vore tilgjengelege enno.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *