Historia om TekLab


Tre tydelege inspirasjonskjelder lokalt på Vestlandet

TverTek (2006 – 2011)
Dettte var ei tverrfagleg forskargruppe for teknologiforsking med informasjonsvitarar og medievitarar som eksisterte nokre år. Sentrale namn i denne samanhengen var Lars Nyre, Barbara Gentikow, Ana Laws, Ingerid Rødseth, Frode Guribye og Andreas Opdahl.

Gruppe for medier og IKT i UH-nett Vest (frå 2011)
Her lærer norske informasjons- og medieforskarar seg å samarbeida om teknologiutvikling. Bjørnar Tessem, Pål Aam, Kjetil Vaage Øie, Jon Hoem, Gunnar Liestøl, Anders Sundnes Løvlie, Anders Fagerjord, Ana Laws, Stig Øvreås, Grete Netteland, Jørgen Lyngvær, Tormod Utne, med fleire.

J-Lab (2014 – 2017)
I samband med ein SFI-søknad i 2013 vart det etablert eit nytt nettverk kalla “Bergen Journalism Lab”, som haldt seminar og workshops. Lars Nyre, Leif Ove Larsen og Bjørnar Tessem var sentrale her. I 2015 vart det laga ei nettside med namnet J-lab som den noverande sida er basert på. Aleksander Nygård Tonheim. J-Lab skifta namn til TekLab våren 2017.

Finansiering
TekLab fekk “Små driftsmidlar” frå Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB i 2015 og 2017. Prosjektet har også fått støtte til internasjonalisering frå Meltzerfondet, i 2013 og 2015.