Infographics i lokalavisa


– Eg er overbevist om datavisualisering kan bli eit nyttigare verktøy for lokaljournalistikken enn det er no, seier Ana Luisa Sanchez Laws frå Høgskulen i Volda.


Skriven av: Ingrid Aarset Johannessen

Publisert: 06.10.2017

Høgskulen i Volda er ein av samarbeidspartnerane i INJECT Noreg. Dei skal bidra i prosjektet med ein rekke studiar om bruk av datavisualisering i lokale og regionale avisar.

Tanken er å utvikle produktar som forenklar prosessen med å finne gode historier i store datasett (f.eks. datasett fra SSB), samt kombinere fleire datakjelder saman for å visualisere moglige koblingar mellom heterogen informasjon. Vi vil utvikle data for visualiseringsgrensesnitt som vil hjelpe journalistar som kanskje har ein mindre teknisk bakgrunn til å finne dei gode historiene stor data kan fortelle, seier Ana Luisa Sanchez Laws førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda (HVO).

Undersøker korleis datavisualisering kan fortelle historier

Den andre delen av prosjektet er å kartlegge data for visualiseringsbehov av lokale og regionale norske aviser. Sentrale spørsmål vil her vere: Korleis bruker avisane infographics til å fortelle sine historier, og kva bruker dei til å jobbe internt med store og varierte datasett?

–  Vi ser at ein rekke lokale og regionale avisar basert nesten utelukkende på bileter og tekst, og sjeldan brukar infographics. Vi må forstå årsaken til dette før vi kan tilby nye teknologiske verktøy. Og da kan vi spør korleis kan datavisualisering brukast til å undersøke og fortelle historier som lesarar til desse lokale og regionale aviser treng?, seier Ana.

Ana fortel at Høgskulen i Volda er ein del av INJECT fordi dei har eit sterkt fokus på å produsere anvendt forsking som kan hjelpe regionale og lokale aviser til å bli meir konkurransedyktige og holde seg oppdatert med utviklinga i bransjen.

– Datajournalistikk er viktig i denne samanheng, og i ein datastyrt verden må journalister sjølv vere involvert i å utvikle verktøy som kan hjelpe dei med å finne gode historier. INJECT knytt journalister, teknologar og akademikarar frå en rekke europeiske land til et felles prosjekt for å gi datajournalistikkverktøy som kan passe betre til regionale og lokale journalisters behov. For ein institusjon som HVO, som utdannar morgondagens journalister, kan eg ikkje tenke meg et meir relevant prosjekt å være involvert i, fortel Ana.

Bergen og Volda har kompetanse på ulike områder som kan dekke alle behov til prosjektet. Eg er overbevist om at måten vi utfyller kvarandre gir bredden og dybden som er nødvendig for at INJECT skal lykkes.

Ana Luisa Sanchez Laws

Førsteamanuensis

FAKTA OM INJECT NOREG

INJECT Noreg er kreativ støtte for journalistikk.

Samarbeidspartnarar i INJECT Noreg er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda, M’Labs og lokalavisene Hordaland, Sunnhordaland og Hallingdølen.

INJECT Noreg eit resultat av INJECT.

HVO og UiB utfyllar kvarandre gjennom ulik kompetanse

Ana trur at samarbeidet mellom Bergen og Volda har eit stort potensiale, og at eit ambisiøst prosjekt som INJECT, krev djupt teoretisk konseptualisering og programmeringsarbeid, samtidig som det krev tett oppfølging av reell bruk av disse teknologiane i spesifikke journalistiske situasjonar.

Bergen og Volda har kompetanse på ulike områder som kan dekke alle behov til prosjektet. Eg er overbevist om at måten vi utfyller kvarandre gir bredden og dybden som er nødvendig for at INJECT skal lykkes. Og eg er sikker på at i framtida vil det bli enda fleire prosjekter mellom HVO og UiB på teori og teknologiutvikling for journalistikk, seier Ana og legg til:

I tillegg er det klart at både Bergen og Volda har et felles ønske om å bidra til teori og teknologiutvikling med reell brukbarhet i norsk journalistikkindustri, og dette er for meg den mest motiverande delen av samarbeidet.

INJECT viktig for framtidas datajournalistikk-teknologiar

På spørsmål om INJECT Noreg vil vere konkurransedyktig, svarar Ana at ein heller bør vere opptatt av kva ein skal verdsette som et resultat av INJECT.

INJECT kan bidra til å hjelpe journalister i Norge og andre steder i Europa til å bli meir djupt involvert i utviklinga av framtidige datajournalistikk-teknologiar, og ikkje bare vere forbrukerar av globale teknologiløysningar, fortel Ana.

Ana synast at INJECT Noreg ikkje berre er viktig for det kommersielle aspektet, men òg for gründer-virksomhet.

Det er viktig at verktøya blir markedsført og at verktøya blir salgbare, men det viktigaste er at prosjektet kan fremme en gründer-tenkemåte blant norske journalister, avsluttar ho.

Anbefalt for deg

Radio intelligens

Radio Intelligens er eit massemedium (ikkje eit verktøy) for radioliknande innhald. Utforsking av syntetisk tale og talegjenkjenning i radioprogram.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.