Facereader – ein farleg teknologi som bør brukast i forsking


Ansiktet seier meir enn tusen ord. Ansiktslesarteknologi som Facereader har positivt potensial for medieforsking, men reiser óg mange etiske dilemma.


Skriven av: Lars Nyre og Terje Thue

Foto: Malin Fjell Olsen og Lars Nyre

Publisert: 29.05.2019 av Ingvild Abildgaard Jansen

Fyrste gong publisert i Vox Publica, 13. november 2018. 

Det er allereie vanleg å få lest av ansiktet sitt i ulike teknologiar. iPhone X brukar ansiktsgjenkjenning for å opna telefonen.

Innafor forsking og utvikling er den biometriske ansiktslesaren eit presist verktøy som vert stadig meir tilgjengeleg. Store menger data kan lagrast og brukast vidare.

Her vil me fyrst fortelja litt om den industrien som ansiktslesaren er ein del av. Kan slik teknologi spela ei verdifull rolle for akademisk resepsjons- og publikumsforsking også? Kva er fordelane og ulempene med dette nye verktøyet for utvikling og forsking?

Fagreise til Nederland

Me drog på vitjing til Noldus Information Technology i Nederland i haust for å læra meir om temaet. Me testa eyetracking og Facereader, og me fekk forklaringar frå Patrick H. Zimmerman. Han har doktorgrad i åtferdsbiologi med fokus på dyrevelferd og dyrepsykologi, så utgangspunktet er mildt sagt forskjellig frå medievitskapen!

Slik fungerer Facereader

Facereader er ei programvare basert på maskinlæring. Den utfører automatiske analysar av ansiktsuttrykk ved hjelp av 500 nøkkelpunkt. Verktøyet kan ta imot alle video- og biletformat, og er meint å gje innsikt i den kortsiktige effekten av ulike stimuli som ein brukar vert utsett for.

Facereader analyserer muskelbevegelser i ansiktet. Analysen viser utslaget for dei seks ansiktsuttrykka glad, trist, sint, overraska, redd og ubehageleg. Programmet registrerer også meir dempa følelsar som interessert, nøytral, foraktfull, keisemd og forvirring.

Noldus har brukt 10.000 manuelt koda foto for å trena opp programvaren. Dei har testa systemet ved hjelp av ei ekspertgruppe som kjørte parallelle analyser. Facereader treffer i rundt 95 prosent av tilfella.

Programvaren har tatt høgde for menneskelege forskjellar knytt til alder og etnisitet, og det finst eigne innstillingar for asiatar, born og eldre. I tillegg går det an å kalibrere Facereader på individnivå. Nullnivået kan justerast etter kor store muskelrørsler det enkelte individet har når det viser emosjonar.

Fangar det intuitive

Me ser nokre positive sider ved Facereader som gjer at den kan brukast i humanistisk og samfunnsvitskapleg resepsjonsforsking.

Sanningsgehalt, løgndetektor. Ansiktet seier meir enn tusen ord. Dersom orda ikkje samsvarer med ansiktsuttrykket er det ansiktet som vinn kvar gong, og difor ligg det viktig informasjon i folk sine ansiktsuttrykk.

Biometrien kan fanga det intuitive, berre halvt bevisste ved menneskeleg åtferd. Det intuitive, halvmedvitne, rutinemessige.

Facereader er eit program som køyrer på datamaskinene i labben til Noldus IT. Ansiktet til Nyre scorar høgt på verdien «nøytral». Foto: Malin Fjell Olsen.

Truverdige data

Noldus IT har ein programvare kalla Explorer der alle typar biometriske data vert registrert. Programvaren taggar emosjonar fortløpande og gir ei grafisk fremstilling fordelt på dei emosjonene forskaren vil sjå nærare på.

Desse data vil vera kobla opp mot eyetracking og biometriske data som puls og svette, og verktøya kan samanlagt gje veldig truverdige data om ein persons emosjonelle tilstandar.

Grenser for tolking

Ein ansiktslesar kan vise korleis ansiktet oppfører seg, men ikkje kva folk tenkjer. Nokon smiler når dei er nervøse, andre når dei er sinte.

Facereader viser ikkje nødvendigvis ein persons eigentlege sinnsstemning, og sjølv om ansiktslesaren kan bekrefta at informanten smiler, kan den ikkje seia kvifor ho smiler. Dette er kvalitative intervju meir eigna til å finna ut av.

Innbyr til tverrfagleg forsking

Nettopp fordi biometriske data ikkje er nok i seg sjølv, er det godt potensial for tverrfagleg forsking der også medieforskarar er involvert. Metodane til Noldus IT kan kombinerast med intervju og andre kvalitative metodar som for eksempel Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB har kompetanse på.

Ei slik tverrfagleg oppkobling ville vore bra. Då ville dei hermeneutisk orienterte forskarane måtta forholda seg til objektive forhold i kroppen til folk, medan behavioristiske forskarar vil måtta forholda seg til folk sine tolkingar av kva dei opplevde.

Bør utforskast på universitetet

Ansiktslesaren er ein potensielt farleg teknologi fordi den kan brukast som ein løgndetektor – og ikkje minst kan den opplevast slik av informantar. Ein slik bruk reiser mange etiske dilemma.

Vi meiner difor det er viktig at slik teknologi vert testa på universitetet, både i undervisning og forsking. Facereader bør utforskast på universitetet både fordi den har stort positivt potensial, og fordi den kan misbrukast av kommersielle, statlege og millitære krefter. Media City Bergen bør driva med design og innovasjon for å sikra at gode ansvarlege krefter også prøver ut det kraftfulle og farlege. Dette er for øvrig i pakt med teorien om transgressiv mediedesign.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.