Tør du å ta på deg VR-drakta?


Den nyaste teknologien for VR-opplevingar har kraftfulle eigenskapar, og må takast på alvor av forskarar innanfor media og kommunikasjon.


Skriven av: Lars Nyre

Foto/Illustrasjon: Lars Nyre / Teslasuit.

Publisert: 20.08.2019 av Ingvild Abildgaard Jansen

Fyrste gong publisert på forskersonen.no, 26. juni 2019. Denne versjonen er delvis endra.

Du kan oppleva å vera ein soldat i ein geriljahær, og du kjempar deg fram gjennom ein utbomba by. Når du skyt kjenner du rekylen frå maskinpistolen i skuldra. Du smyg deg forbi eit brennande bilvrak og kjenner varmen på sida av kroppen. Plutseleg kjem det små metallbitar flygande og treff deg i ryggen så du skrik av smerte.

Dette var for vondt! Du gjev signal om at operatøren skal stansa opplevinga.

Kunstig persepsjon

Så realistiske kan VR-opplevingar følast no. Teslasuit er ei ny løysing der brukaren må ta på seg ei tettsitjande bukse og jakke, VR-briller og støyreduserande øyretelefonar. Utstyret dekkjer heile kroppen, og brukaren opplever hendingar “inni” dette utstyret.

Når alt er skrudd på, vert brukaren inneslutta i en databasert signalstraum som erstattar den vanlege sanseopplevinga, eller som vert di nye sanseoppleving så lenge det varer.

Du kan bevega deg, få berøringsopplevingar og samhandla med andre folk i eit fysisk utstrekt rom, men utan at noko av dette skjer for dei som måtte stå utanfor og sjå på. Det einaste som manglar for å gjera den kunstige persepsjonen komplett, er lukt- og smaksopplevingar.

Demo i Bergen

Teslasuit er eit kviterussisk firma med hovudkontor i London. Dei gav ein demonstrasjon av si tekniske løysing i Bergen i april 2019. Teknologien og prinsippa bak vart demonstrert av Dimitri Mikhalchuk; ein av gründerane som står bak firmaet.

Namnet “Teslasuit” har forresten ingenting med bilmerket Tesla å gjera. Namnet til den serbiske oppfinnaren Nikola Tesla vert ofte assosiert med nyvinningar innan elektrisitet.

Firmaet lagar opplevingar for VR-drakta med etablerte produksjonsverktøy som Unreal Engine og Unity. Når folk brukar drakta, vert det generert data som kan analyserast og brukast til diverse føremål. Her ligg det stort potensial for å tena pengar, særleg knytt til opplæring og simulering innanfor militæret og andre bransjar med risikable arbeidsprosessar.

Leiar for Virtual Nordic Christian Instefjord prøver VR-dressen, medan Keith Mellingen (til venstre) og Dimitri Mikhalchuk ser på. Foto: Lars Nyre.

Stadig meir omsluttande

Elektroniske media skapar alltid ei grad av kunstig persepsjon, og styrkegraden har auka opp gjennom åra (Nyre 2008). Radioen gjorde at folk kunne få høyrselsinntrykk som ikkje oppsto naturleg der dei var, og fjernsynet supplerte med levande bilete inni stova di.

Nærare vår tid har dataspel og VR-forteljingar med 360 video og omsluttande lyddesign gjort kunstig persepsjon stadig meir overtydande. Haptisk (kjenslebasert) teknologi har vore under utvikling heilt sidan 1960-talet (Rid 2016, s. 215), men no er den på veg ut frå dei militære laboratorium.

Kombinasjonen av smarte klede og VR-utstyr skapar ei nesten komplett simulering av menneskeleg persepsjon. Med VR-drakt vert det også råd for brukaren å oppleva berøringar, varme, kulde og andre hud-baserte kjensler. Medan dei fleste teknologiar verkar på avstand, verkar denne med nærkontakt.

Transgressiv teknologi

Tesladrakta er eit døme på ein transgressiv teknologi (Nyre og Tessem, 2018). Dei er definerte ved å kunna endra både praksisar og etiske normer i forholdet mellom menneske og teknologi. Dei aktuelle endringane er vanlegvis svært problematiske.

Dronar med videokamera har gjort det mogeleg å observera folk og handlingane deira over store fysiske avstandar uavhengig av kva dei som vert observert måtte meina om saka. Såkalla “ansiktsgjenkjenning” kan registrere unike trekk i andletet til folk, og informasjonen kan brukast til kommersielle føremål eller overvaking utan at folk veit om det (Nyre og Thue, 2018).

Slike innovasjonar kan skapa moralsk panikk i etablerte bransjar så vel som i ålmenta, og dette kan i sin tur føra til forbod eller strenge avgrensingar i kva som er lov. Men det er jo ikkje gitt at slike teknologiar berre er negative. Det vert likevel nesten uråd å utforska gode føremål for transgressive teknologiar, og det kan føra til at den tekniske kapasiteten utviklar seg vidare i andre land, eller i hemmelegheit.

Eg meiner det er best at slike teknologiar vert tatt i bruk på brei front i samfunnet, basert på ein open diskusjon av kva dei kan gjera på godt og vondt.

VR-dressen kan simulera både dei verste og dei beste sanseopplevingane frå verkelegheita. Dette gjer den minst like transgressiv som både dronar og ansiktsgjenkjenning i mediesamfunnet, og den er potensielt mykje farlegare for menneskekroppen.

Lars Nyre

Fem eigenskapar ved VR-trakta

Men kva er det eigentleg som gjer at omsluttande kunstig persepsjon er så transgressiv? Her vil eg skildra fem viktige eigenskapar i detalj.

Teslasuit har “haptisk feedback”. Dette betyr at presise berøringar vert overført til kleda via elektrisk stimulering. Utviklaren kan programmera “prikkedøden” eller kiling under armane, og brukaren vil oppleva ein kunstig persepsjon av slike berøringar.

Tesladressen har varmekontroll, og kan gje brukaren opplevingar av varme eller kulde på ulike kroppsoverflater, og kan skapa kjensler av at temperaturen forandrar seg i miljøet rundt deg.

Drakta registrerer alle kroppsbevegelsar og kan lagra desse i programvaren. Det betyr at viss ein person marsjerer bortover ei overflate, kan programmet seinare spela av denne marsjeringa i eit 3D-miljø, og alle detaljar kan studerast nærare.

VR-drakta har biometrisk feedback. Dette betyr at den blant anna kan registrera augerørsler, kroppstemperatur, hjarterytme og sveitte. Desse verdiane kan også analyserast av firmaet som driftar teknologien, og gje presis innsikt i korleis menneske reagerer på ulike handlingar og stimuli. Kor trøytt vert personen? Kva slags stressutslag gjev ulike handlingar?

Ein særleg transgressiv eigenskap ved Tesladressen er elektro-muskulær stimulering. Ein gitt kroppshandling kan forsterkast og styrast ved å utløysa eit forsterkande elektrisk signal nær musklane. Eit kompani med soldatar kan marsjera i nesten perfekt takt, eller ein kompleks bevegelse kan styrast av dressen i staden for av mennesket som har den på seg.

Det er med andre ord mogeleg å overstyra hjernen og bruka meir muskelkraft enn det ein person kan bruka i ordinær sjølvbevisst åtferd.

Kan VR-dressen drepa folk?

Eg spurte Teslasuit-gründer Dimitri Mikhalchuk om det går an å drepa eit menneske med Tesladressen, til dømes ved at ein hacker klarar å ta over styringa og skrur opp varmen, utløyser elektriske støyt og elles skapar maksimalt muskulært ubehag?

– Nei, svarte Mikhalchuk, for me har eit sikkerheitssystem utvikla for millitærteknologiar, og dét er praksis uråd å hacka. Men Mikhalchuk kan ikkje dermed avkrefta at det er uråd å torturera eller til og med drepa folk når dei har på seg dressen.

VR-dressen kan simulera både dei verste og dei beste sanseopplevingane frå verkelegheita. Dette gjer den minst like transgressiv som både dronar og ansiktsgjenkjenning i mediesamfunnet, og den er potensielt mykje farlegare for menneskekroppen. Den må takast på alvor av forskar innanfor media og kommunikasjon.

Kjelder

Nyre, Lars (2008) Sound Media. From Live Journalism to Music Recording. London: Routledge. Lenke: http://larsnyre.com/?soundmedia=introduction.

Nyre, Lars og Terje Thue (2018) ” Facereader – ein farleg teknologi som bør brukast i forsking”. Innlegg i Vox Publica 13. november 2018. Lenke: https://voxpublica.no/2018/11/facereader-ein-farleg-teknologi-som-bor-brukast-i-forsking/

Nyre, Lars og Bjørnar Tessem (2018) Transgressiv mediedesign – forsking på farlege teknologiar. Innlegg i Vox Publica 22. august 2018. Lenke: https://voxpublica.no/2018/08/transgressiv-mediedesign-forsking-farlege-teknologiar/

Rid, Thomas (2016) Rise of the Machines. The lost history of cybernetics. London: Scribe.

Teslasuit (2019) Ultimate Tech in Smart Clothing. Lenke: https://teslasuit.io

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.