Få lyden ut av arkivet og inn i samtida


Kva skjer når ein tek NRKs radioklipp ut av arkivet og inn i ei digital samtidsoppleving i eit av Noregs mest ikoniske naturområder? Og kva kan det bety for samfunnsrelevansen til eit mediearkiv? Dette er tema for eit nytt forskings- og utviklingsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

Dovrefjell med Snøhetta (2286 moh.) har spela ei sentral rolle i norsk nasjonsbygging, og dannar no utgangspunkt for eit lokativt mediedesign ved Høgskulen i Volda. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.


Skriven av: Rebecca Nedregotten Strand

Publisert: 19.10.2020

PhD-kandidat Rebecca Nedregotten Strand har fått stipend frå Høgskulen i Volda til prosjektet «Mediedesign på høgfjellet. NRKs radioarkiv i lokasjonsbasert digital kulturarvsformidling». Prosjektperioden er 4-årig. Det skal utviklast ei mobiltilpassa digital nettside der kuraterte lydklipp blir presenterte på utvalde lokasjonar langs Kongevegen over Dovrefjell og testa av ulike brukargrupper. Med bruk av innovasjonspedagogiske metodar skal høgskulestudentar ta del i utvikling av mediedesign og utprøving på ei av brukargruppene.

 

I kongelege fotspor

20.mai 1814 erklærte Riksforsamlinga på Eidsvoll seg «Enig og tro til Dovre faller» (1814, 2020).  Fjella der oppe står tilsynelatande framleis trygt, og over dei strekker Kongevegen seg. Den vart etablert som offentleg køyreveg frå byrjinga av 1700-talet og er forgjengaren til dagens E6 mellom Dovre og Oppdal.

Ordren om å heve vegstandarden kom frå København. Det skulle bli lettare å transportere post, menneske og varer mellom dei norske landsdelane. I 1685 hadde dansk-norske kong Christian V kryssa Dovrefjell til hest. I 1704 kunne kong Frederik IV reise same strekning i tohjulsvogna chaise, medan kong Christian VI sat i firehjulsvogna karosse på Kongevegen i 1733 og hadde med seg eit fylgje på rundt 200 personar. Blant dei var dronning, svigermor, suppekokkar og posteimakar.

På Kongevegen over Dovrefjell kunne ein køyre med firehjulsvogn på 1700-talet. Etter kongeleg ordre frå København vart den oppgradert til offentleg køyreveg. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

Fleire kongelege fylgde, men med nye og lettare trasear grodde den opphavlege vegen gradvis att og vart redusert til ein sti. No restaurerer Vegvesenet Kongevegen over Dovrefjell, med mål om å gjere den til eit kulturhistorisk besøksmål for dei som vil vandre i kongars fotspor (Johansson, 2020).

 

Dovre som nasjonsbyggar

Det snjoad og haglad, og byrtingar og torebrak verkad som trollskap. Bull var fyrste mannen paa toppen, og syni derifraa var fjetrande. (Vik, 1890)

Med to enkle setningar skildrar biograf Oddmund Vik korleis Ole Bull erobrar fjellet Snøhetta (2286 moh.). Slik føyer fiolinisten seg inn i ei rekke av nasjonalheltar som har sett att sine spor på Dovrefjell og etsa landskapet inn i historia om Noreg. Nesten 1000 år tidlegare vart Harald Hårfagre kasta ut heimafrå og fostra opp av jøtulen på Dovre. Seinare fortel myten at han møter Snøfrid på garden Tofte i Dovrebygda (Steinsland, 2014). Han har nesten lukkast med å samle Noreg til eitt rike, men manglar støtta frå det samiske folket. Dottera til samekongen Svåse er så vakker at Hårfagre ikkje kan leve utan henne. Dei gifter seg og får fire søner.

Sogene om Dovre si rolle i bygginga av nasjonen Noreg samla professor i religionshistorie Gro Steinsland i boka «Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen». I føreordet skriv ho: «Med undring oppdaget jeg at temaet Dovrefjell henger sammen med hele norgeshistorien» (Steinsland, 2014).

Dovrefjell si viktige rolle i noregshistoria gjer at dette fjellområdet også har vore rikt representert i NRK sine radiosendingar dei siste 90 åra. Opptak ein kan lytte til via Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Men kva utbytte gjev det når klippa ikkje er sett inn i ein kontekst og ein ikkje har moglegheit til å gjere noko meir enn å høyre på dei?

 

Digitalt tilgjengeleg, og kva så?

Samfunnet brukar store ressursar på å digitalisere arkivmateriale; bøker, aviser, tidsskrift, film, lyd med meir. I oktober 2019 smila Aslak Sira Myhre breitt saman med Trine Schei Grande. Direktøren for Nasjonalmuseet delte nyheita om at den dåverande kulturministeren lova dei ei auke på 87 millionar kroner årleg til dette føremålet (Nasjonalbiblioteket, 2019).

Samstundes som at meir stoff blir tilgjengeleg for fleire, er potensialet for å utvikle innhaldet og tilføre det meirverdi utover det reint arkivfaglege i liten grad utnytta.

Sidan 2000 har Nasjonalbiblioteket samarbeida med NRK om å sikre deira radioarkiv for framtida gjennom digitalisering. I 2013 signerte partane også ein avtale om publisering av radiolyden, medan allmennkringkastaren beheld alle opphavs-, utøvar- og produsentrettar (Nasjonalbiblioteket N. o., 2013).

Under punktet NBs forpliktelser lovar arkivinstitusjonen mellom anna å fjerne publisert innhald omgåande dersom NRK ber om det, dei skal ikkje redigere i programma og berre gjere dei tilgjengelege som strøyming. Du som brukar kan ikkje laste ned klippa eller gjere deg nytte av dei på annan måte enn ved rein lytting. Det same gjeld for videoarkivet i NRK TV.

Publikum får berre sjå og ikkje røre. Her er det i tillegg store mengder materiale dei heller aldri får sett, som Ronny Spaans nyleg setje fokus på med teksten “NRK-klassikarane som forsvann” i Dag og Tid. Frå nyttår 2020 vart 8000 av 17 000 timar med TV-arkiv fjerna frå nettspelaren grunna ei konflikt med opphavsorganisasjonen Norwaco.

Kva taper vi? Kva om ein i staden opna opp og gav folk moglegheit til å vere kreative med arkivmaterialet?

BBC var meir generøse med pilotprosjektet The BBC Creative Archive i 2005, då dei tilgjengeleggjorde 500 lydspor, videoklipp og foto for ikkje-kommersiell bruk (BBC, 2014). Utfordringane knytt til denne type publisering er mange, økonomiske, juridiske, praktiske og politiske, som Karl Knapskog gjer greie for i sin artikkel Archives in Public Service (Knapskog, 2010). Samstundes vil det vere eit viktig bidrag til å synleggjere arkivet sin kulturhistoriske relevans.

For det er jo vår felles historie det er tale om. 90 år som rommar forteljinga om landet vårt, og oss alle:

The way in which PSBs manage their archives on behalf of the wider community
is obviously a matter of great cultural importance. This is not just a question of
making archive material a vital part of cultural production, it is also a question
of making this material more accessible by way of contextualisation, new
perspectives and innovative storytelling. (Knapskog, 2010)

 

I 2016 skapte underteikna TV-serien «Landet frå lufta». Som tilsett i NRK kunne eg bruke radioarkivet og oppdaga ein skatt. Alle videoopptaka var gjort med helikopter, difor måtte heile lydsporet konstruerast i etterarbeid. I seks program vart samtidsbilete av Noreg kombinert med historiske lydopptak.

I dette møtepunktet mellom fortid og notid skjedde det noko interessant. Bodskapen i det som vart sagt, vart på eit vis forsterka; Video av ein fredeleg fjord med rassikra fjellsider møtte stemmene til overlevande frå Tafjordulukka i 1934 der 40 menneske miste livet. På Dovrefjell var sjåarane med og sveva over Snøhetta, medan dei høyrde oberst Ole Reistad sin tale frå Little Norway, 17.mai, 1943 (NRK, 2016). Denne erfaringa er bakgrunnen for dette PhD-prosjektet.

Kva skjer når ein tek lyden ut av arkivet og inn i samtida?

Eit enkelt søk på ordet Dovre i NRKs radioarkiv gjev 87 resultat, medan Dovrefjell gjev 28 resultat. Dersom ein utvidar søket til konkrete stadar knytte til område som t.d. Snøhetta, Hjerkinn eller Fokstua sit ein til slutt på fleire hundre lydklipp. Få andre allmennkringkastarar i verda har produsert radio kontinuerleg over ein like lang periode som NRK. Meir enn 100 000 opptak frå 1930 og fram til vår tid er digitalt tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider (Nasjonalbiblioteket, 2020).

Dette prosjektet vil kuratere ein liten del av det enorme materialet og undersøke korleis ein gjennom digital lokasjonsbasert formidling kan augmentere kulturhistoria langs traseen Kongevegen over Dovrefjell. Kan materialet på denne måten få ny relevans og bidra til kunnskapsbygging? Korleis vil det treffe utvalde brukargrupper? Og kan ein ved å designe radioarkiv på denne måten bidra til bevaring av sårbare verneområde, og samstundes styrke mediearkivet si samfunnsrolle?

 

Mediedesign

For å undersøke dette blir det utvikla ei mobiltilpassa nettside der ein ved hjelp av visuell kommunikasjon gjer lyden og opplevinga valbar for brukargruppene. Denne metoden blir kalla «mediedesign» ( (Liestøl, 2009), (Fagerjord, 2012), (Nyre, 2014)). Som Lars Nyre gjer greie for i artikkelen «Tre spørsmål om metodeutvikling i medievitskapen» (Nyre, 2020), designar ein eksperimentelle prototypar og let ulike brukargrupper teste innhaldet. På denne måten er medieforskarar sjølve bidragsytarar til å utvikle nye mediar.

Kartet viser Kongevegens trasé over Dovrefjell som blå stipla linje. Kjelde: www.kongevegenoverdovrefjell.no. Design: Trollbinde.

Kongevegen over Dovrefjell er eit avgrensa geografisk område. Her er ei rekke kulturminne og komplekse informasjonssystem i form av skilt, stimerking, monument og liknande. Alle desse tilfører brukarane noko utover det å bevege seg i naturen. Kva skjer dersom ein legg til eit ekstra lag? Ved å tilby brukargruppene lokasjonsbasert innhald i form av lydklipp formidla på ei mobiltilpassa nettside, augmenterer ein opplevinga av landskapet og skaper ei såkalla audio augmented reality (AAR) (Bederson, 1995). Målsetjinga er å utvikle eit audiovisuelt brukargrensesnitt som gjev brukarane ei best mogleg samstundes oppleving av det digitale og visuelle landskapet.

 

Mediedesign til fots, i kontorstolen og på skinner

Korleis er det å gå på Kongevegen og oppleve den audiovisuelle formidlinga? Kva skjer med opplevinga dersom ein sit på eit kontor når ein prøver den ut? Og kva med ein togpassasjer, som ser ut på Dovrefjell frå ein kupé? Korleis skaper ein eit tilbod som fungerer for henne?

Tre ulike brukargrupper skal teste tre mediedesign. Design 1 og 2 er det kandidaten sjølv som skaper, medan design 3 blir utvikla av studentar ved Høgskulen i Volda.

Nummer:

Design 1

Brukargruppe:

Turgåarar på sjølve Kongevegen

Innretning på mediedesign:

Stadsensitiv formidling – lyd blir tilgjengeleg på spesifikke lokasjonar langs ein etablert sti. Mobiltilpassa nettside med visuelle verkemiddel som foto, video og illustrasjon. GPS-sporing.

Design 2

Ekspertar tilsett i allmennkringkastings-selskap

Mobiltilpassa nettside med visuelle verkemiddel som gjev brukarane ei oppleving av å vere på Kongevegen, t.d. med bruk av gyrostabiliserte opptak frå vandring på heile traseen, drone e.l. Arkivlyden er ein integrert del av denne designen.

Design 3

Passasjerar på toget mellom Dombås og Oppdal

Stadsensitiv formidling – lyd blir tilgjengeleg på spesifikke lokasjonar langs toglinjas trasé. Mobiltilpassa nettside med visuelle verkemiddel som foto, video og illustrasjon.

Til alle design blir det kuratert lyd frå NRKs radoarkiv etter tre sjangerkriterier, basert på korleis dei kan passe til utvalde lokasjonar langs traseen: Det skal brukast klipp frå opptak gjort på Dovrefjell som t.d. Pilegrimer på Dovrefjell, NRK Radio 1995, klipp frå reportasjar om nasjonalsymbolet Dovrefjell som t.d. Grunnloven  – urokkelig som Dovrefjell?, NRK Radio 1989 og klipp frå opptak som er tolkingar av Dovrefjell, dvs. kunstnarlege framstillingar, t.d. Avduking av Vinjemonumentet på Hjerkinn, NRK Radio, 1960 med utdrag frå Aa.O.Vinjes Ferdaminne frå sumaren 1860.

Når klipp og lokasjon er valt, blir dei tilgjengeleggjorde på ei mobiltilpassa nettside. Her brukar ein visuelle verkemiddel som foto, video, illustrasjon og tekst for å kommunisere med brukarane, freiste dei og tydeleggjere kva dei må gjere for å oppleve formidlinga. Designa er tilpassa kvar brukargruppe. Dei visuelle verkemidla utvikla for dei som faktisk går på Kongevegen, må til dømes vere heilt annleis enn opplevinga ein skaper for dei som skal oppleve den frå eit kontor. Målet er at dei skal tilføre noko, ikkje slå i hel det eksisterande landskapet.

Brukargruppe 1 skal prøve ut mediedesign 1 medan dei sjølve går traseen. Frå desse samlar ein også inn kvantitative data i form av GPS-sporing for å sjå om designen kan bidra til å styre ferdsle og såleis stimulere til vern av sårbare natur- og kulturminner.

For brukargruppe 2 blir truleg den visuelle delen av nettsida ekstra viktig. Dette er tilsette i nordiske allmennkringkastingsselskap som gjer utprøvinga på sine kontor. Målsetjinga er å få meir kunnskap om korleis dei opplever denne bruken av materiale frå mediearkiv som eit grep i formidling av kulturhistorie og kva potensiale dei ser overføring frå prototype til reelt konsept.

Båe desse brukargruppene blir intervjua og fyller ut evalueringsskjema rett etter at dei har prøvd ut mediedesignen.

 

Innovasjonspedagogikk – studentar bidreg også

Prosjektet har også eit element av innovasjonspedagogikk. Denne tilnærminga inneber at ein vågar å gje studentane rom for praktisk eksperimentering og såleis ruste dei for ein mediekvardag i kontinuerleg endring (Darsø 2019).

Mediedesign 2 er det studentane som skal utvikle og prøve ut på reisande med Dovrebanen mellom Dombås og Oppdal. Desse har utsikt til Kongevegen frå toget. Studentane kuraterer lydklipp, vel ut lokasjonar og designar det visuelle innhaldet til den mobiltilpassa nettsida. Sjølve gjennomfører dei også utprøvinga, møter brukarane, samlar inn data frå dei og analyserer desse. I utviklinga av dette pedagogiske opplegget vil ein hauste erfaringar frå den meir enn ti år lange erfaringa med innovasjonspedagogikk for studentar i medie- og interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen (Nyre, 2019).

Planen er å gjennomføre undervisninga på to ulike kull. Såleis får ein empirisk materiale til å utvikle det pedagogiske opplegget, samt moglegheit til å gjere komparative analysar av innhaldet og utprøvinga av dette.

Etter at mediedesigna er utvikla og prøvd ut på brukargruppene, blir det gjort kritiske evalueringar av prosess, innhald og utprøving. Avhandlinga er artikkelbasert og skal etter planen ferdigstillast hausten 2024. Prosjektet vil vere knytt opp til forskingsgruppa for medieutvikling ved Høgskulen i Volda, samt forskingsmiljøet til Universitetet i Bergen ved Media City Bergen.

Ein pilegrim har lagt att eit skjell på Allmannrøysa. Eit døme på det komplekse informasjonssystemet ein finn langs Kongevegen. Foto: Rebecca Nedregotten Strand.

Kan moderne mediedesign bidra til bevaring av kulturhistoria?

Har lokasjonsbasert gjenbruk av mediearkiv potensiale til å bidra dobbelt til å bevare og formidle kulturhistorie? Gjennom kuratering lyftar ein fram utvald materiale frå arkiva og gjev det ny relevans. Dette kan auke forståinga for kvifor det er viktig å bevare arkivmateriale, gje mediearkiva relevans i samtida og også gje oss utvida samfunnsforståing og nye perspektiv. Samstundes kan det representere nye formidlingsmoglegheiter for kulturarvsinstitusjonane.

Ei rekke kulturminne og store delar av kulturhistoria blir ikkje formidla i det heile, fordi ein manglar folk og ressursar. Dersom dei blir frigjorde for ikkje-kommersielle aktørar, kan mediearkiva bli ein utømeleg innhaldsbank. Med den rette teknologien vil dei kunne vere ein enkel og kostnadseffektiv måte å nå ut til publikum på, spreie kunnskap og motivere til vidare vern. Føresetnaden er sjølvsagt at ein er kjeldekritisk og medviten om at ingen er feilfrie, heller ikkje journalistane som står bak innhaldet i arkiva. Det representerer ikkje alltid fakta og sanning, men plassert i den rette konteksten er moglegheitene for kreativ etterbruk endelause.

Referansar

BBC    BBC Creative Archive pilot. 2014. http://www.bbc.co.uk/creativearchive/ (lasta ned I september 2020).

Bederson, B. B. “Audio Augmented Reality: A Prototype Automated Tour Guide.” Chi´95 Mosaic of Creativity, 1995: 210-211.

Darsø, L. Innovationspædagogik. Kunsten at fremelske innovationskompetence. City, 2019

Eidsvoll 1814. 1814 på 1, 2, 3. 2020. https://eidsvoll1814.no/1-2-3.

Fagerjord, A. “Design som medievitenskapelig metode.” Norsk medietidsskrift (https://doi.org/10.18261/issn.0805-9535-2018-01-04) 1, no. 25 (2012): 1-19.

Johansson, M. Fra forprosjekt til hovedprosjekt Kongevegen over Dovrefjell. 2020. https://www.kongevegenoverdovrefjell.no/prosjektet

Knapskog, K. “Archives in public service.” Critical Studies in Television, 2010: 20-33

Liestøl, G. “Situated Simulations: A Prototyped Augmented Reality Genre for LEarning on the IPhone.” International Journal of Interactive Mobile Technologies 3 (Special Issue IMCL2009), 2009.

Nasjonalbiblioteket. Kringkasting. 2020. https://www.nb.no/samlingen/kringkasting/.

Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket får 87 millionar kroner meir årleg til digitalisering. Oktober 7, 2019. https://www.nb.no/artikler/nasjonalbiblioteket-far-87-millionar-kroner-meir-arleg-til-digitalisering/

Nasjonalbiblioteket, NRK og. “Avtale om publisering av innhold fra Det Digitale Radioarkivet (DRA) på nb.no.” nb.no. februar 28, 2013. https://www.nb.no/artikler/nasjonalbiblioteket-far-87-millionar-kroner-meir-arleg-til-digitalisering/ (lasta ned i september 2020)

NRK. NRK TV. 2016. https://tv.nrk.no/serie/landet-fraa-lufta/sesong/1/episode/6/avspiller (lasta ned i september 2020)

Nyre, L. Studenten som deltakar i staden for tilskodar. september 26, 2019. https://pahoyden.no/innovasjon – innovasjonspedagogikk – mcb/kronikk – studenten – som – deltakar – i – staden – for – tilskodar/406907 26.09.19 (lasta ned i september 2020)

Nyre, L. “Tre spørsmål om metodeutvikling i medievitskapen.” Norsk medietidsskrift 01/2020 (https://www.idunn.no/nmt/2020/01/tre_spoersmaal_om_metodeutvikling_i_medievitskapen) 27 (2020).

Nyre, Lars. “Media design method. Combining media studies with design science to make new media. .” Journal of Media Innovations. Vol 1 (1), 2014.

Steinsland, G. Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen. Bergen: Vigmostad & Bjørke, 2014

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.