Fem millionar til teknologiutvikling blant studentar


DIKU løyver fem millionar kroner til innovasjonspedagogikk for medieutdanningar i Media City Bergen, og formidlinga frå prosjektet skal føregå her på TekLab. Prosjektet varer i tre år frå 2021 til og med 2023.

Rektor Dag Rune Olsen inviterte til kakelunch i Aulaen for å feire alle DIKU-tildelingane til UiB. Staben frå Media City Bergen var godt representert. Øverst frå venstre: Tien Nguyen, Fredrik Håland Jensen, Oda Elise Nordberg, Johanne Ågotnes, Zulfikar Fahmy. Framme frå venstre: Joao Ribeiro, Lars Nyre og Terje Thue. Foto: Knut Risnes.


Skriven av: Lars Nyre

Publisert: 19.10.2020

Løyvinga vart gitt i hard konkurranse med søkarar frå heile Noreg. DIKU er ei forkorting av “Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning”, og tildelinga kjem frå deira program for studentaktiv læring. I alt 14 prosjekt fekk støtte til å utvikle nyskapande undervisnings- og vurderingspraksis. Det kom inn 86 søknader som kjempa om ein samla tildelingspott på 70 millionar. Les meir om årets tildelingar her.

 

Studentar ut i samfunnet

Hovudambisjonen i prosjektet er å støtte opp under utviklinga av samfunnsnyttig, men også  grensesprengande teknologi for medier og kommunikasjon blant studentar i Media City Bergen og hjå samarbeidspartnerane.

Tildelinga vart gitt for å vidareutvikle, strukturere og overføre innovasjonspedagogikk for medieutdanningar, slik at denne metoden vert mest mogeleg verdifull for samfunnet. Fagmiljøet i Media City Bergen har utvikla denne studentaktive læringsmetoden over mange år. Målet er å gjere studentane er sjølvstendige og robuste når dei går ut i arbeidslivet, slik at dei har gode vilkår for å få seg gode jobbar og bidra med verdifull nyskaping.

 

Arbeidslivsrelevans

Prosjektmidlane gjer at innovasjonspedagogikk kan verte ein av UiBs viktigaste metodar for opplæring i innovasjon og entreprenørskap. UiB vil no kunne få ein særleg sterk utviklingskompetanse på fagfeltet medier, kommunikasjon og IKT.

Arbeidslivsrelevans er eit viktig stikkord for prosjektet. Det er vesentleg for samfunnsverdien til prosjektet at utviklingsarbeidet føregår gjennom utadvent og gjensidig samarbeid med private medieverksemder, statlege instansar og friviljuge organisasjonar.

Innovasjonspedagogikk utfordrar studentane til å ta ansvar for utviklingsprosjekt som har stor risiko for ikkje å verte meistra eller gjennomført. Evna til å vere kreativ under usikre forhold vert i stadig større grad oppfatta som ein kjernekompetanse for nyutdanna studentar, og DIKU-prosjektet har som mål å operasjonalisere denne evna som ein formell kompetanse eller ferdigheit. På denne måten vil prosjektet kunne få spesielt stor arbeidslivsrelevans innan sektoren for medier, kommunikasjon og IKT.

 

Organisering av prosjektet

Prosjektet vert leia av professor Lars Nyre, og den daglege undervisninga vert utført av ei rekkje dyktige faglærarar i Media City Bergen. Blant dei sentrale kreftene er PhD-kandidatane Fredrik Håland Jensen og Oda Elise Nordberg som er ektefødte barn av instituttet sine utdanningar innan medier og interaksjonsdesign.

Andre sentrale deltakarar er førsteamanuensis Duc-Tien Dang-Nguyen, universitetslektor João Costa Ribeiro, overingeniør Zulfikar Fahmy, teknisk sjef Terje Thue og studiekonsulent Johanne Ågotnes. Prosjektstaben vert utvida med fleire faglærarar etterkvart.

Studentar skal rekrutterast til sentrale administrative og faglege roller i prosjektet. Det skal etablerast eit studentråd som skal evaluere opplegget årleg, og deira råd veg tungt når det gjeld vidare satsingar. Studentar skal få lønn og reisemidlar så dei kan presentere prototypar i dei rette fora nasjonalt og internasjonalt.

Prosjektet skal ha utstrakt regionalt og internasjonalt samarbeid. Sjølv om Mediebyen er hovudarenaen skal prosjektet ha eit samarbeid med Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Volda, Langhaugen VGS, Amalie Skram VGS og vår internasjonale partner Florida State University.

 

Formidling gjennom TekLab

All formidling frå prosjektet vert lagt inn under TekLab. TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling innan medier og kommunikasjon som vart etablert med sitt noverande namn i 2017.

TekLab er fyrst og fremst eit forum for formidling av teknologiutvikling, og har som mål å fremje denne metoden som eit supplement til meir tradisjonell analyse av innhald og åtferd i mediene. TekLab har publisert artiklar om prototypeprosjekt frå Horizon 2020, Norges forskingsråd og Rådet for anvendt medieforsking (RAM), og presenterer også utviklingsarbeid laga av doktorgradskandidatar, masterkandidatar og bachelorgrupper.

TekLab fekk støtte til si verksemd frå SAMKUL-programmet i 2018 og UH-nett Vest “Forskning på Tvers” i 2017. Med løyvinga frå DIKU får nettverket høve til å fokusere meir resolutt på studentorientert design og innovasjon. Det nye prosjektet vil dra nytte av fagleg kompetanse, ein offentleg identitet og eit kontaktnett i inn- og utland som er utvikla i TekLab over lang tid.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.