TekLab får såkornmidlar frå UH-nett Vest


UH-Nett Vest gjev 250.000 kr i såkornsmidlar til eit designprosjekt i TekLab. Målet er å forske på kva potensial kunstig intelligens har for lokaljournalistikken ved å ta utgangspunkt i mobilappen Tipps.

Professor Lars Nyre er leiar for prosjektet som får tildeling frå UH-nett Vest. Til høgre TekLab-kollega Audun Klyve Gulbrandsen. Foto: Sofie Vestad.


Skriven av: Lars Nyre

Publisert: 04.12.2020

Næringsorientert samarbeid

Kvart år tildeler UH-Nett Vest såkornsmidlar til prosjekt som vil søke forskingsmidlar frå Noregs forskingsråd eller andre finansieringskjelder. Hausten 2020 vart det tildelt tre millionar kroner til saman. Les meir om tildelingane i saka “11 prosjekt får såkornsmidler” på UH-nett Vest si nettside.

Støtteordninga har frå 2020 vorte dreid meir mot innovasjon og samarbeid med eksterne aktørar. Prosjekt som får støtte er meint å bidra til eit godt samarbeid mellom akademiske miljø og næringslivets behov for kunnskap og forskingskompetanse. Den nye innretninga gjorde at Tipps-samarbeidet i Media City Bergen var særleg godt posisjonert for å søka.

 

Kunstig intelligens i journalistikken

Prosjektet har arbeidstittelen «Utvikling av ein prototype for AI-støtta nyheits- og annonseproduksjon i lokalaviser», og vert leia av professor Lars Nyre ved Universitetet i Bergen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom firmaet Future Solutions, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og dei tre uavhengige lokalavisene Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen. 

Universitetet i Bergen stiller med akademisk ekspertise på kunstig intelligens-teknologi og mediedesign, Universitetet i Stavanger stiller med ekspertise på nyheitsjournalistikk, intervjuing og evaluering, medan den praktiske ekspertisen på næringsutvikling vert tatt hand om av datafirmaet Future Solutions og dei tre lokalavisene.

Avisa Hordaland lanserte Tipps-appen i desember 2020. Skjermbilete frå oppslag i Hordaland 2. desember 2020.

Vidareutvikling av Tipps

“Tipps” er ein app for mobiltelefonar som er meint å inspirere borgarane til å sende nyheitstips til lokalavisa. Appen vart lansert på AppStore og Google Play i november 2020. Dersom du er nysgjerrig på korleis Tipps virkar kan du gå inn på https://tipps.no og lasta ned appen.

Tipps er tatt i bruk av lokalavisa Hallingdølen og avisa Hordaland på Voss, og skal også takast i bruk av Sunnhordland på Stord.

Appen har særleg unge menneske som målgruppe, og dreg nytte av konsept frå dataspel i håp om å engasjere dei. Når du sender inn tips får du poeng som kan samlast opp og brukast til kjøp av varer og tenester. Dersom avisa set tipset på trykk, aukar belønninga. Prinsippa for belønning er enno under utvikling.

 

Augmentert journalistikk

Målsetjinga med prosjektet er å utvikle avansert kunstig intelligens-funksjonalitet for lokalaviser, og implementere dei nye løysingane i applikasjonen Tipps. 

Utvikling av kunstig intelligens i journalistikken har i hovudsak følgt to spor. Det eine dreier seg om å erstatte journalistar og annonsepersonell med ny teknologi (automatisering), mens det andre dreier seg om å gje arbeidstakarar betre og meir kraftfulle støtteverktøy (augmentering). 

Vårt prosjekt vil hovudsakleg utvikle løysingar innan augmentert journalistikk, og vil dra nytte av kompetansen i eit nordisk nettverk for forsking på denne typen teknologi.

Automatisering også

Eit viktig delmål er å kunne effektivisere både innhaldsproduksjon og annonseproduksjon ved hjelp av kunstig intelligens-verktøy for automatisering. 

Det finst ei rekkje AI-teknologiar ein kan bruke til å byggje funksjonalitet for halvautomatisk og heilautomatisk innhaldsproduksjon. Aktuelle teknologiar i 2020 er djuplæring til bildegjenkjenning og tekstgenerering via generative adverserielle nettverk. 

Det går an å byggje på natural language generation-teknologiar for norsk språk, med særleg vekt på nynorsk. Det går også an å bruke ulike søke- og optimeringsteknikkar for å sette saman eit balansert bilde av ei hending.

Alle desse muligheitane vil verte grundig undersøkt i det nye prosjektet.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.