Kva er TekLab?


Eit akademisk nettverk for teknologiutvikling

TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling innanfor medier og kommunikasjon. Deltakarane er med fordi dei er kunnskapsrike, nysgjerrige, utforskande og kritiske. Me dyrkar våre felles faglege interesser på tvers av institusjon og offisiell fagleg bakgrunn.

TekLab fremjer ein type forsking som forsøker å kombinera medievitskap og informasjonsvitskap, slik at kunstig intelligens og andre avanserte teknologiar kan brukast best mogeleg for offentlegheita. Denne typen forsking kan kallast mediedesign eller kommunikasjonsdesign. Forskarne lagar prototypar på nye medier, og testar dei kvantitativt og kvalitativt saman med ulike brukargrupper for så å publisera funn og tolkingar av materialet.

Slik teknologisk orientert medievitskap står på utsida av normalvitskapen, i hvert fall i norsk samanheng. Den står både i kontrast til etablert medievitskap ved ikkje å vera særleg analytisk, og i kontrast til informasjonsvitskap ved berre å dreia seg om medier og kommunikasjon. Mediedesign har større vekt i journalistikken og den demokratiske offentlegheita enn informasjonsvitskapen tradisjonelt har pleid å ha, og større vekt på programmering, design og brukartesting enn medievitskapen tradisjonelt har pleid å ha.

Mediedesign er avhengig av tverrfaglege team med blant anna humanistar, informasjonsvitarar, økonomar, journalistar, programmerarar, designarar, forretningsutviklar og UX-folk. TekLab sitt fremste mål er å laga ein arena der slike folk kan møtast og verta inspirert til samarbeid om nye prototypar.

TekLab er per 2019 eit regionalt nettverk på Vestlandet. Dei fleste av deltakarane arbeider på universitet og høgskular knytt til UH-nett Vest og Gruppe for IKT og medier.

TekLab er lokalisert ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, og har adresse i Media City Bergen.

TekLab har tre formidlingsføremål

1. Å presentera prototypar som er under utvikling i vårt akademiske nettverk.

2. Å skriva kritisk og etterretteleg vitskapsjournalistikk om desse prototypane og andre relevante utviklingsprosjekt.

3. Å arrangera seminar der forskarar, studentar og gjester presenterer prototypar på nye mediedesign, og diskuterer dei i plenum.

Nøkkelord: Media design, Artificial intelligence, Artificial speech, Computer vision, Robots, Drones, Eye-tracking, Media content, VR and AR storytelling, Journalism, Immersive media, Subjectivity.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet


Kart

Besøksadresse

Lars Hilles gate 30, 5007 Bergen

Institutt for informasjons -og medievitenskap,

Media City Bergen,

Universitetet i Bergen



Aktør-nettverkteori frå Bruno Latour