Historia om TekLab


Tre tydelege inspirasjonskjelder lokalt på Vestlandet

TverTek (2006 – 2011)
Dettte var ei tverrfagleg forskargruppe for teknologiforsking med informasjonsvitarar og medievitarar som eksisterte nokre år. Sentrale namn i denne samanhengen var Lars Nyre, Barbara Gentikow, Ana Laws, Ingerid Rødseth, Frode Guribye og Andreas Opdahl.

Gruppe for medier og IKT i UH-nett Vest (frå 2011)
Her lærer norske informasjons- og medieforskarar seg å samarbeida om teknologiutvikling. Bjørnar Tessem, Pål Aam, Kjetil Vaage Øie, Jon Hoem, Gunnar Liestøl, Anders Sundnes Løvlie, Anders Fagerjord, Ana Laws, Stig Øvreås, Grete Netteland, Jørgen Lyngvær, Tormod Utne, med fleire.

J-Lab (2014 – 2017)
I samband med ein SFI-søknad i 2013 vart det etablert eit nytt nettverk kalla “Bergen Journalism Lab”, som haldt seminar og workshops. Lars Nyre, Leif Ove Larsen og Bjørnar Tessem var sentrale her. I 2015 vart det laga ei nettside med namnet J-lab som den noverande sida er basert på. Aleksander Nygård Tonheim. J-Lab skifta namn til TekLab våren 2017.

Finansiering
I januar 2018 fekk TekLab støtte frå UH-Nett Vest for å kunna utvikla ein større søknad om støttemidlar til TekLab. Difor kunne TekLabs prosjektleiar, professor Lars Nyre, og vitskapleg assistent for TekLab, Ingvild Abildgaard Jansen, søke om støttemidlar frå SAMKUL-programmet, eit forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd. Støttemidla TekLab fekk frå SAMKUL-programmet i juni 2018 gjorde det mogleg for TekLab å arrangera eit TekLab-seminar i London, der TekLab samla deltakarar frå ulike norske og utanlandske universitet og høgskular. Seminaret vart halde 29. og 30. november 2018.

I november 2018 sikra fyrsteamanuensis Jon Hoem vidare støttemidlar til TekLab og AI Narrator-prosjektet frå UH-Nett Vest. På grunn av denne tildelinga vert det planlagt eit nytt TekLab-seminar i vårsemesteret 2019 – denne gongen i Stavanger. Arrangør er fyrsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Stavanger, Cato Wittusen.

TekLab fekk “Små driftsmidlar” frå Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB, i 2015 og 2017. Prosjektet har óg fått støtte til internasjonalisering frå Meltzerfondet, i 2013 og 2015.