
Smarte søk ved hjelp av Natural Language Processing (NLP)
INJECT på TekLab
INJECT er eit europeisk dataverktøy for idéutvikling i nyheitsjournalistikken, utvikla frå 2014. INJECT Noreg er den norske greina av utviklingsprosjektet, og her er det spesielt fokus på nyheitsvinklingar for lokalaviser som skriv på nynorsk.
Teknologi
Søkeverktøy bygd på NLP og Case Based Reasoning. Verktøyet koblast på ei gitt avis sitt arkiv, og andre databasar som er relevante. Kan integrerast i fleire CMS, Google Docs og som nettside. Grensesnitt for både desktop, laptop og mobiltelefon.
Verdiorientering
Dette er ein sustaining innovation for avismediet, og det betyr at den er normativt innretta på å oppretthalda og styrka det eksiserande samfunnsoppdraget til journalistikken. Prosjektet er næringsorientert. INJECT skal ideelt sett stifta eit firma som skal kunna driva salg og oppfølging av INJECT-produktet på den opne marknaden.
Infographics i lokalavisa
– Eg er overbevist om datavisualisering kan bli eit nyttigare verktøy for lokaljournalistikken enn det er no, seier Ana Luisa Sanchez Laws frå Høgskulen i Volda. Skriven av: Ingrid Aarset Johannessen Publisert: 06.10.2017 Send e-post LinkedIn Høgskulen i Volda er ein... read moreStudentar vil effektivisere arbeidet til journalister med ny app
– Vi ville finne ut kva journalistar kunne ha behov for i sin travle kvardag og dermed kom idéen om UPLY fram, fortel utviklarane bak UPLY. Samarbeidspartnarar i INJECT Noreg er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda, M’Labs og... read more– Undrande, men spent til INJECT
Avisa Hordaland ligg på Voss og krev ein times togtur frå Bergen. Undervegs får ein sett glimt av sterke fargar og fin natur avbroten med fleire mørke tunellar, og i dag handlar det om å forberede journalistar som skal bruke INJECT i løpet av sommaren.... read moreNorsk versjon av INJECT snart klar for testing
Dei norske avispartarane Hallingdølen, Sunnhordland og Avisa Hordaland skal bruke INJECT verktøy på norsk i løpet av sommaren. Universitetet i Bergen har ansvar for å sette i gang testar, samle inn data, og legge til rette for målingar ved å dokumentere korleis... read moreINJECT: First-Wave Innovation and Exploitation
Universitetet i Bergen deltek i EU-prosjektet frå 1. Januar 2017 og vil ha ei rolle i den første iterasjonen med å utforme INJECT-pakken ved å teste den i tre avisredaksjonar i Noreg, Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen. Journalistikkstudentar ved UiB er... read moreJUICE: Innovative search engine for journalists
– JUICE is a digital prototype to support creative thinking by journalists during the early development of news stories, says professor Neil Maiden. Neil Maiden is one of the team members behind JUICE, and they have created an innovative search engine for... read moreSamarbeidspartnarar
Deltakarar:
City University London: professor Neil Maiden.
Universitetet i Bergen: professor Lars Nyre, seniorkonsulent Ola Roth Johnsen, masterstudent Aleksander Nygård Tonheim, forskar Balder Holm.
M’Labs: Joao Ribeiro, Ørjan Blytt Polden.
Hordaland: dagleg leiar Trond Syvertsen, redaktør Geir Geitle, journalist Ingvild Siglen Berger, Journalist Sara Finne.
Sunnhordland: redaktør Magne Kydland, journalist Olav Røli.
Hallingdølen: dagleg leiar Ola Stave, journalist Sindre Lønnes.
Høgskulen i Volda: fyrsteamanuensis Ana Laws.
Bidragsytarar: Cai Yan, studentane i UPLY, studentane i OPUS, Ingrid Aarseth Johannessen.
Finansiering:
Google News Initiative.
EU Innovation Action. “Innovative Journalism. Enhanced Creativity Engine. Dette er ein EU Innovation Action.”
Rådet for anvendt medieforsking. Volda-støtte.
Lenker på nettet: