Fleire kongelege fylgde, men med nye og lettare trasear grodde den opphavlege vegen gradvis att og vart redusert til ein sti. No restaurerer Vegvesenet Kongevegen over Dovrefjell, med mål om å gjere den til eit kulturhistorisk besøksmål for dei som vil vandre i kongars fotspor (Johansson, 2020).
Dovre som nasjonsbyggar
– Det snjoad og haglad, og byrtingar og torebrak verkad som trollskap. Bull var fyrste mannen paa toppen, og syni derifraa var fjetrande. (Vik, 1890)
Med to enkle setningar skildrar biograf Oddmund Vik korleis Ole Bull erobrar fjellet Snøhetta (2286 moh.). Slik føyer fiolinisten seg inn i ei rekke av nasjonalheltar som har sett att sine spor på Dovrefjell og etsa landskapet inn i historia om Noreg. Nesten 1000 år tidlegare vart Harald Hårfagre kasta ut heimafrå og fostra opp av jøtulen på Dovre. Seinare fortel myten at han møter Snøfrid på garden Tofte i Dovrebygda (Steinsland, 2014). Han har nesten lukkast med å samle Noreg til eitt rike, men manglar støtta frå det samiske folket. Dottera til samekongen Svåse er så vakker at Hårfagre ikkje kan leve utan henne. Dei gifter seg og får fire søner.
Sogene om Dovre si rolle i bygginga av nasjonen Noreg samla professor i religionshistorie Gro Steinsland i boka «Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen». I føreordet skriv ho: «Med undring oppdaget jeg at temaet Dovrefjell henger sammen med hele norgeshistorien» (Steinsland, 2014).
Dovrefjell si viktige rolle i noregshistoria gjer at dette fjellområdet også har vore rikt representert i NRK sine radiosendingar dei siste 90 åra. Opptak ein kan lytte til via Nasjonalbiblioteket sine nettsider.
Men kva utbytte gjev det når klippa ikkje er sett inn i ein kontekst og ein ikkje har moglegheit til å gjere noko meir enn å høyre på dei?
Digitalt tilgjengeleg, og kva så?
Samfunnet brukar store ressursar på å digitalisere arkivmateriale; bøker, aviser, tidsskrift, film, lyd med meir. I oktober 2019 smila Aslak Sira Myhre breitt saman med Trine Schei Grande. Direktøren for Nasjonalmuseet delte nyheita om at den dåverande kulturministeren lova dei ei auke på 87 millionar kroner årleg til dette føremålet (Nasjonalbiblioteket, 2019).
Samstundes som at meir stoff blir tilgjengeleg for fleire, er potensialet for å utvikle innhaldet og tilføre det meirverdi utover det reint arkivfaglege i liten grad utnytta.
Sidan 2000 har Nasjonalbiblioteket samarbeida med NRK om å sikre deira radioarkiv for framtida gjennom digitalisering. I 2013 signerte partane også ein avtale om publisering av radiolyden, medan allmennkringkastaren beheld alle opphavs-, utøvar- og produsentrettar (Nasjonalbiblioteket N. o., 2013).
Under punktet NBs forpliktelser lovar arkivinstitusjonen mellom anna å fjerne publisert innhald omgåande dersom NRK ber om det, dei skal ikkje redigere i programma og berre gjere dei tilgjengelege som strøyming. Du som brukar kan ikkje laste ned klippa eller gjere deg nytte av dei på annan måte enn ved rein lytting. Det same gjeld for videoarkivet i NRK TV.
Publikum får berre sjå og ikkje røre. Her er det i tillegg store mengder materiale dei heller aldri får sett, som Ronny Spaans nyleg setje fokus på med teksten “NRK-klassikarane som forsvann” i Dag og Tid. Frå nyttår 2020 vart 8000 av 17 000 timar med TV-arkiv fjerna frå nettspelaren grunna ei konflikt med opphavsorganisasjonen Norwaco.
Kva taper vi? Kva om ein i staden opna opp og gav folk moglegheit til å vere kreative med arkivmaterialet?
BBC var meir generøse med pilotprosjektet The BBC Creative Archive i 2005, då dei tilgjengeleggjorde 500 lydspor, videoklipp og foto for ikkje-kommersiell bruk (BBC, 2014). Utfordringane knytt til denne type publisering er mange, økonomiske, juridiske, praktiske og politiske, som Karl Knapskog gjer greie for i sin artikkel Archives in Public Service (Knapskog, 2010). Samstundes vil det vere eit viktig bidrag til å synleggjere arkivet sin kulturhistoriske relevans.
For det er jo vår felles historie det er tale om. 90 år som rommar forteljinga om landet vårt, og oss alle:
The way in which PSBs manage their archives on behalf of the wider community
is obviously a matter of great cultural importance. This is not just a question of
making archive material a vital part of cultural production, it is also a question
of making this material more accessible by way of contextualisation, new
perspectives and innovative storytelling. (Knapskog, 2010)
I 2016 skapte underteikna TV-serien «Landet frå lufta». Som tilsett i NRK kunne eg bruke radioarkivet og oppdaga ein skatt. Alle videoopptaka var gjort med helikopter, difor måtte heile lydsporet konstruerast i etterarbeid. I seks program vart samtidsbilete av Noreg kombinert med historiske lydopptak.
I dette møtepunktet mellom fortid og notid skjedde det noko interessant. Bodskapen i det som vart sagt, vart på eit vis forsterka; Video av ein fredeleg fjord med rassikra fjellsider møtte stemmene til overlevande frå Tafjordulukka i 1934 der 40 menneske miste livet. På Dovrefjell var sjåarane med og sveva over Snøhetta, medan dei høyrde oberst Ole Reistad sin tale frå Little Norway, 17.mai, 1943 (NRK, 2016). Denne erfaringa er bakgrunnen for dette PhD-prosjektet.