Innbyr til tverrfagleg forsking
Nettopp fordi biometriske data ikkje er nok i seg sjølv, er det godt potensial for tverrfagleg forsking der også medieforskarar er involvert. Metodane til Noldus IT kan kombinerast med intervju og andre kvalitative metodar som for eksempel Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB har kompetanse på.
Ei slik tverrfagleg oppkobling ville vore bra. Då ville dei hermeneutisk orienterte forskarane måtta forholda seg til objektive forhold i kroppen til folk, medan behavioristiske forskarar vil måtta forholda seg til folk sine tolkingar av kva dei opplevde.
Bør utforskast på universitetet
Ansiktslesaren er ein potensielt farleg teknologi fordi den kan brukast som ein løgndetektor – og ikkje minst kan den opplevast slik av informantar. Ein slik bruk reiser mange etiske dilemma.
Vi meiner difor det er viktig at slik teknologi vert testa på universitetet, både i undervisning og forsking. Facereader bør utforskast på universitetet både fordi den har stort positivt potensial, og fordi den kan misbrukast av kommersielle, statlege og millitære krefter. Media City Bergen bør driva med design og innovasjon for å sikra at gode ansvarlege krefter også prøver ut det kraftfulle og farlege. Dette er for øvrig i pakt med teorien om transgressiv mediedesign.