INJECT: First-Wave Innovation and Exploitation

Universitetet i Bergen deltek i EU-prosjektet frå 1. Januar 2017 og vil ha ei rolle i den første iterasjonen med å utforme INJECT-pakken ved å teste den i tre avisredaksjonar i Noreg, Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen. Journalistikkstudentar ved UiB er med i eit pilotprosjekt som skal teste eit verkty i INJECT før det skal i bruk.
INJECT: Samling av partnarar ved det samfunnsvitenskapelige fakultet, infomedia
Publisert: 20. desember 2016

Fakta om INJECT

INJECT er produsert i London av Neil Maiden,  George Brock, Konstantinos Zachos, and Jamie Lockerbie.

Prosjektet vil vare i 1,5 år frå 1. Januar 2017.

INJECT er ein portefølje av dataverkty som skal hjelpa journalisten til å bli meir kreativ og effektiv i det daglege nyheitsarbeidet.

INJECT økosystem: illustrasjonen syner arbeidsprosessen til ein journalist i samhandling med økosystemet.

Dei ulike verktya er CRUISE: inspirational wordcloud, JUICE: Creativity engine, EDDiE: term disambiguation tool, og EXPLAAIN: authoring tool.

JUICE er eit journalistisk søkeverkty som skal hjelpe med kreative vinklingar, og er ein del av ein større pakke som ligg under namnet ”INJECT – Innovation Journalism Enhanced Creativity tools”. INJECT ligg under kategorien ”Innovation Action” i Horizon 2020.

Arbeidar: Valentina Baisotti, Reidun Draegeboe, Ole Martin Røssland, Vilde Midtbø Ulsten og Thea Kristin Johannessen er studentar i journalistikk ved universitetet i Bergen.

Pilot-studie

Valentina Baisotti, Reidun Draegeboe, Ole Martin Røssland, Vilde Midtbø Ulsten og Thea Kristin Johannessen er studentar i journalistikk ved universitetet i Bergen som deltek i pilot-studiet. Testinga er viktig for vidare utvikling av INJECT før søkeverktyet skal brukast i dei tre lokalavisene i Noreg.

Rolla til UiB

Universitetet i Bergen er oppnemnt til Innovation Manager for heile INJECT-prosjektet. Blant anna er pilot-studiet ein del av oppdraget UiB som også er viktig for vidare utvikling av JUICE og resten av INJECT-pakken.

Task 2.1: Design and prototype the first INJECT ecosystem (M7-M9). Task leader.

Task 2.2: Launch the first INJECT ecosystem (M10-M12).

Task 2.3: Manage the first INJECT ecosystem (M7-M12).

Samarbeid med M’labs

Universitetet i Bergen samarbeider med M’labs om å publisere det første INJECT økosystemet. M’labs skal også laga ein business-modell der dei skal spesialisere seg på norske mediehus.

Task 2.2: Launch the first INJECT ecosystem (M10-M12).

Task 2.3: Manage the first INJECT ecosystem.

Task 3.1: Awareness creation about INJECT.

Task 3.3: Disseminate information about the first INJECT ecosystem. Task leader.

Må også vera kritisk til INJECT

Bruken av INJECT vil truleg føre til fleire datasystem å forholda seg til i ein hektisk kvardag. Systemet er basert på systematikk der brukaren må arbeide systematisk i ein journalistisk prosess, systemet tek utgangspunkt i at alt går føre seg på datamaskin då systemet parsar tekst som skal brukast til å finne kreative vinklingar.

INJECT er også akademisk i tilnærminga til både journalistikk og business. Verktya skal gjera nyheitene betre enn før med meir visuelt tilfredstillande utsjånad, og meir treffsikker publisering. Journalisten får hjelp til å laga gode vinklingar, finne relevante kjelder, visualiseringar og lenker. Redaksjonen bestemmer kva slags databasar som skal vera søkbart, som til dømes Atekst, interne arkiv, sosiale medier med meir.

Økonomisk vinning

EU-prosjektet skal ideelt tene pengar på INJECT ved utløpet av prosjektperioden. Dette vil seie at ein vil skapa større effektivitet hjå journalisten som anten kan skapa høgare kvalitet på sakene, eller fleire produserte saker.

Dette kan føre til lengre lesevarigheit og dermed betre reklamegrunnlag for annonsørar. INJECT kan lisensierast til medieverksemder når den er klar.


Publisert: 20. desember 2016
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram