Høgskulen i Volda satsar på innovasjon i medieutdanninga. I haust har dei starta eit nytt kurs som heiter "Medieinnovasjon - nye forteljarformer". Vi tok ein prat med professor Ivar John Erdal om erfaringane no når kurset er ferdig.
Ivar John Erdal presenterer timeplanen for studentane. Dei var på ei vekes intensivt studieopphald i Stryn i oktober. Foto: Lars Nyre.
Lars Nyre
Tekst
Publisert: 17. desember 2023
Ivar John Erdal er professor i medievitskap og leiar ved Institutt for film og animasjon ved Høgskulen i Volda. Han er også kursleiar for «MPRO212 Medieinnovasjon - nye forteljarformer» som er lagt haustsemesteret på tredjeåret på bachelor i medieproduksjon.
Den fyrste gjennomføringa av kurset er basert på eit samarbeid med det pedagogiske tiltaket TekLab, kunstig intelligens-entreprenøren Factiverse og destinasjonsselskapet Visit Nordfjord.
Framveksande teknologi
Kva er føremålet med kurset?
– Studentane går på tredjeåret på bachelor, og dei er hverken heilt ferske bachelorstudentar eller veldig erfarne masterstudentar. Vi vil gje dei ei utfordring som er akkurat passe krevjande. Vi vil lære dei å håndtere framveksande teknologiar. Hausten 2023 vart dei utfordra til å prøve kunstig intelligens -teknologien til datafirmaet Factiverse i kombinasjon med ChatGPT, Midjourney og andre verktøy. Neste haust kjem vi til å prøve ut ein annan framveksande teknologi i eit anna bedriftssamarbeid.
Ivar John forklarer nærare.
– Vi vil at studentane skal utforske automatisering og/eller effektivisering ved hjelp av kunstig intelligens. Vi simulerer at dei arbeider i Factiverse og at Visit Nordfjord er ein bedriftskunde hjå Factiverse. Vi meiner det er viktig for unge mediefolk å kunne lage medietenester til lokale aktørar i dei bransjane som dominerer i vår region. Turistindustrien er viktig, og det er nyttig å forsøke å lage kommunikasjons- og formidlingstenester som passar til denne bransjen. I kurset legg vi også opp til at Visit Nordjord ynskjer å investere i ein eller fleire av prototypane for å kunne ta i bruk spennande nye løysingar, men vi forstår at det kanskje ikkje vil skje i verkelegheita.
Satsinga på prototypar er knytt til TekLab Bedrift. Dette ei tiltak for næringssamarbeid som fekk fem millionar kr frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for perioden 2022-2024. TekLab Bedrift støttar opp under utforsking av framveksande teknologiar på medieutdanningar ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen i Volda.
Ein prototype er eit verdiforslag som viser fram viktige muligheiter i eit prosjekt. Det er vanleg å peike ut eit problem som prosjektet er meint å finne ei løysing på. Det går til dømes an å vise tekniske funksjonar i eit simulert grensesnitt ved hjelp av eit program som Figma. Både funksjonar, målgrupper og forretningsmodellar kan justerast mange gonger i prosessen. Hvis eit firma er interessert i å satse på forslaget, må funksjonane lagast frå botnen av i ein reell utviklingsprosess som vil kreve til dels store investeringar.
Læringsmål
Ivar John Erdal forklarer læringsmåla for kurset.
– Vi føreset at studentane ynskjer å jobbe i mediebransjen, eller med dokumentarisme, PR og formidling etter endt utdanning. Vi trur at stadig nye teknologiar vil vekse fram og tvinge arbeidstakarar til å lære seg nye teknikkar og ferdigheiter. For å halde tritt med den tekniske utviklinga treng dei å øve seg allereie no.
Framveksande teknologiar lovar oss nye og sannsynlegvis også betre løysingar på sentrale samfunnsproblem. Den har potensial for å skape nye verdiar. Den er under utvikling, og er enno berre ein hypotese om verdi. Det krevst hardt arbeid og dristig utforsking for å realisere potensialet.
– Studentane lærer seg å bruke metodar og teknikkar som ikkje er etablert i det norske samfunnet, seier Ivar John Erdal. Heller ikkje høgskulen har ekspertar på feltet, og det finst ingen teoriar eller metodar vi kan hente fram frå skuffen. Alt må prøvast ut her og no.
Ei veke i Stryn
Studentane laga medietenester til ulike turistdestinasjonar i Stryn kommune.
– Vi drog til Stryn med heile gjengen i oktober, fortel Ivar John Erdal. – Vi booka oss inn på Stryn Lodge for å drive med utvikling og produksjon ei heil veke.
– Det var viktig at studentane skulle bli inspirert til å lage prototypar som er ordentleg sensitive for lokale forhold, og difor prioriterte vi dette, seier han. Vi dreiv med design, intervjuing og brukartesting og pitchtrening, og studentane reiste blant anna til Loen Skylift, Briksdalsbreen og andre destinasjonar i Nordfjord.
TekLab og Factiverse var på besøk i Volda og Stryn tre gonger i løpet av hausten. Fyrst var det ein todagars workshop i Volda i august for setje igang alt saman. Deretter var som nevnt ein workshop i Stryn i oktober der partnerane bidrog med faglege innspel. I desember var det ein avsluttande StudentDemo med utdeling av MVP-prisen.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.