Studentar ved Universitetet i Bergen var sentrale i utviklinga av ein ny tips-app for lokalaviser.
Studentane presenterte prototypen under Future Week i Media City Bergen i 2019. Frå venstre: Simen Larsen Johansen, Preben Ørpetveit Solberg, Malene Berg Sundsøy og Stine Olsen Helland. Foto: Zulfikar Fahmy.
Lars Nyre
Tekst
Publisert: 9. november 2020
Eit studentprosjekt på bachelor i Medie- og interaksjonsdesign ved Institutt for informasjons- og medievitskap har vorte vidareutvikla til ein profesjonell app for lokalaviser. Appen vart nyleg lansert på AppStore og Google Play.
Prosjektet er unikt ved å vere eit direkte resultat av utdanningsløpet i Media City Bergen. Det er fyrste gongen sidan programmet vart etablert i 2004 at eit studentprosjekt har fått suksess i mediebransjen på denne måten.
Belønning for nyheitstips
“Tipps” er ein app for mobiltelefonar som er meint å inspirere borgarane til å sende nyheitstips til lokalavisa. Den er tatt i bruk av lokalavisa Hallingdølen, og skal også brukast av avisene Hordaland på Voss og Sunnhordland på Stord. Dersom du er nysgjerrig på korleis Tipps virkar kan du gå inn på https://tipps.no og lasta ned appen.
Appen har særleg unge menneske som målgruppe, og dreg nytte av konsept frå dataspel i håp om å engasjere dei. Når du sender inn tips får du poeng som kan samlast opp og brukast til kjøp av varer og tenester. Dersom avisa set tipset på trykk, aukar belønninga. Prinsippa for belønning er enno under utvikling.
Fire studentar hadde praksis hjå teknologifirmaet Future Solutions våren 2019, og laga då ein prototype av appen med namn “Ekko” basert på eit konsept firmaet vurderte å realisere. Dei fire studentane er Malene Berg Sundsøy, Preben Ørpetveit Solberg, Simen Larsen Johansen og Stine Olsen Helland.
UiB-studentane gjorde brukarundersøkingar, og laga ein prototype såvel som PR-materiell på video. Dei skreiv også bacheloroppgåver som gav verdifullt materiale til den vidare utviklinga. Professor Lars Nyre var rettleiar på oppgåvene.
Støtte frå Medietilsynet
Med utgangspunkt i dette arbeidet fekk utviklingsprosjektet støtte frå Medietilsynet i 2020, og prototypen kunne realiserast på ein profesjonell måte. I løpet av sommaren 2020 vart den produsert som ein app for iPhone og Google Play av firmaet AppInventiv i India, på oppdrag av Future Solutions. Den ferdige appen er i alt vesentleg lik prototypen studentane laga våren 2019, men har skifta namn frå “Ekko” til “Tipps”.
Preben Ørpetveit Solberg er no tilsett i Hallingdølen og har vore med å utvikla produktet fram til lansering. Han skreiv nyheitssaka “Ei verdsnyheit frå Hallingdølen” der appen vart offisielt lansert.
Støtte frå Rådet for anvendt medieforsking (RAM)
Universitetet i Stavanger (UiS) har også vorte involvert i prosjektet som del av ei større satsing på å engasjere studentar i lokal teknologiutvikling. Ved UiS føregår no ei omfattande evaluering av Tipps-appen basert på forskingsmidlar frå Rådet for anvendt medieforsking (RAM). Les gjerne meir om dette prosjektet i artikkelen “Automatisering av nyheitsarbeid i lokalaviser” på TekLab.
Evalueringa er ei såkalla “formativ evaluering” med eit utval på 15-20 informantar. Ei slik evaluering dreier seg om å teste korleis ein prototype verkar i si noverande form, og samle innsikt om korleis den kan forbetrast i nye versjonar. Innsiktene vil verte brukt til ein ny iterasjon av Tipps-appen, og til vitskaplege artiklar knytt til journalistikkforsking.
Prosjektet vert drifta ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved UiS der Lars Nyre er professor II. Han samarbeider med fyrstelektor i journalistikk Espen Reiss Mathiesen, og har hyra inn masterstudent Jo Friedstrøm som vitskapleg medarbeidar når det gjeld handtering av Tipps-appen, spørjeskjema og kvalitativ intervjuing.
Studentaktiv læring
Praksisen i Future Solutions var en del av det avsluttande bacheloremnet ved Medie- og interaksjonsdesign i Media City Bergen. Dette programmet har vore orientert mot design av prototypar på nye medieløysingar i mange år, og no byrjar satsinga å gje resultat.
Utover lanseringa av Tipps kan miljøet også skilte med ei tildeling til studentaktiv læring frå DIKU.
Tildelinga er meint å styrke satsinga på studentaktiv læring knytt til teknologiutvikling, og vil kunne gjere at miljøet i stand til å produsere fleire kommersielt tilgjengelege produkt i framtida.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.