Bli ein fortidsfinnar! Test TekLabs nye prototype

Med appen Fortidsfinnar kan du avdekke skjulte spor i landskapet på Dovrefjell ved hjelp av historiske lydklipp frå NRK. No er fyrste versjon av prototypen klar, og TekLab treng di hjelp til å teste den.
Du kan oppleve meir av designet ved å klikke på lenka "Test Fortidsfinnar" nedanfor.
Publisert: 31. mars 2022

Masterstudentane Iris Anne Osen, Vedat Sevincer og Danielle Ye Eun Kim ved Høgskulen i Volda er med og utviklar prototypen Fortidsfinnar saman med doktorgradsstipendiat Rebecca Nedregotten Strand. Studentane er tre av fem forskingsassistentar på PhD-prosjektet «Mediedesign på høgfjellet. NRKs radioarkiv i lokasjonsbasert digital kulturarvsformidling.» 

Hjelp til med testinga

Allereie no kan du bidra til å vidareutvikle Fortidsfinnar. Målet med appen er å gjere mediearkiv meir relevant i samtida, og finne ut korleis det kan bidra til både å bevare og spreie kunnskap om sårbar natur og kultur. 

Det er viktig at brukargrensesnittet fungerer godt, og difor er det verdifullt å få folk med på å teste appen.

Test Fortidsfinnar her!

Fortidsfinnar er ein interaktiv nøkkel til å låse opp skjulte forteljingar i eitt av Noregs mest ikoniske landskap; Dovrefjell. Klipp frå NRKs radioarkiv er kombinert med eit nyskapande app-design som gjer at brukarar kan oppleve forteljingar frå ti ulike stader i landskapet. Løysinga blir bygd inn i mobilapp-firmaet  HIDDEN sin app, og gjort tilgjengeleg for utvalde brukargrupper. 

Fortidsfinnar blir presentert av Iris Anne Osen (t.v.), Vedat Sevincer og Danielle Ye Eun Kim.

Her fortel Iris og Vedat meir om prosjektet:

Kva er målet med denne fyrste brukartesten? 

Iris: Målet er å finne ut om løysinga vi har utvikla er funksjonell og lett forståeleg for brukarane. Sjølv om løysinga er utvikla for ein spesiell kontekst, bør den ha eit universelt brukargrensesnitt som alle kan nytte. 

Vedat: Vi ynskjer i tillegg å få feedback som kan rettleie oss i utviklinga av vår neste protoype. Denne skal utviklast i programmet UNITY. 

Kvifor ville de vere med på dette prosjektet?

Iris: Eg har tidligare jobba med digital museumsformidling, og opplevde at Fortidsfinnar-prosjektet gav meg ei moglegheit til å vidareutvikle denne kompetansen. Samstundes har prosjektet gitt meg erfaringar frå ein ny sektor i bransjen - natur- og kulturarv - som eg er interessert i å jobbe meir med i framtida. 

Vedat: Prosjektet er relevant for masteroppgåva mi som går ut på å utvikle ei AR-oppleving for Sunnmøre Museum i Ålesund, og mi personlege interesse for tematikken “immersiv storytelling”. Prosjektet inspirerer meg til å utforske potentsielle løysingar og utfordningar i ein unik kontekst. 

Korleis brukar de prosjektet inn i eigne masteroppgåver? 

Iris: Mi masteroppgåve består av ein produksjon og eit forskingsprosjekt. Innanfor rammene av Fortidsfinnar-prosjektet har eg utvikla ein sjølvstendig prototype som utgjer min produksjon, og eg gjennomfører no to sjølvstendige brukartestar som gjev empirisk underlag til mitt forskingsprosjekt. 

Vedat: I mi masteroppgåve utviklar eg ei AR-oppleving for unge museumsbesøkande. Dei immersive og lokative medieelementa som eg lagar i dette prosjektet bidreg til at mitt eige prosjekt blir betre. Det faglege nettverket vi får er dessutan til stor nytte.

Kvifor er Fortidsfinnar-prosjektet interessant?

Iris: Dovrefjell er ein sentralt stad for norsk natur- og kulturarv, og digital innovasjon her vil ha relevans for andre, liknande prosjekt i Noreg. Å lyfte fram NRKs arkivlyd i formidlings er også eit nytt grep som har potensiale å forandre brukaren si oppleving  av kulturarv. 

Vedat: Dette prosjektet gir meg moglegheit til å prøve ut digitale løysingar i ein unik kontekst. Det er mange utfordringar vi må ta omsyn til, blant anna naturvern, personvern og ikkje minst tilrettelegging for mobilbruk ute i naturen. 

Eit stort team frå Høgskulen i Volda var på Dovrefjell sommaren 2021 og produserte innhald til Fortidsfinnaren.

Kvar går vegen vidare etter den  fyrste brukartesten? 

Iris: Vi vil i bruke innsiktane vi får til å skape ein betre versjon av prototypen, som i neste omgang blir eit sjølvstendig, teknisk produkt. Eg håper at vi etterkvart også skal kunne teste prototypen der den er meint å bli brukt - ute i landskapet på Dovrefjell!


Publisert: 31. mars 2022
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram