– «Vekttal» er eit begrep vi brukte for å vise til at vi har gitt kvar av sakene ein rangering av kor viktig ei sak er, seier Strømø. I biletet under ser ein korleis «vekttala» er brukt for å tilpasse framsida til Bergens Tidene. Tala som er vist i biletet vil ikkje bli visa til lesarar, dei illustrerer korleis sakene blir rangert.
Personaliseringa fungerar slik at brukaren sjølv kan bestemme kva type saker dei vi få fram først på framsida si. Studentane forklarar at brukarane får ein heilt unik framside for sine preferansar ut i frå dei fire ulike emnene, sport, politikk, økonomi, og kultur.
Sjølv om brukaren kan velje kva som skal visast på si framside har nyheitsredaksjonen framleis makt over rangeringa. – Dei kan styre brukarar mot nyheiter dei meiner er viktige ved å gi saka eit høgt vekttal, seier Strømø.
Ved å gi ei toppsak «vekttalet» 1, vil saka hamne øvst på alle personaliserte framsider. – Har ei sak ein «viktigheit» på «vekttalet» 8 vil denne saka bli sett på som mindre viktig, og vil mest sannsynleg hamne nedst på den personaliserte framsida, legg Strømø til.
– Prototypen gir brukaren moglegheita til å velge sine preferanser utifra ein slider med fire emne; sport, kultur, politikk og økonomi. Brukaren kan bruke slideren til å tilpasse i kor mykje ein vil ha av kvart av desse emna, og forsida vil forandre seg etter det.
Difor har studentane laga prototypen som skreddarsyr framsida til brukarar som loggar seg inn hos Bergens Tidene. For å kunne personalisere framsida til ein brukar krevjar dette at brukaren er logga inn, slik at systemet kan samle inn anonyme data for å måle effekt. – Dermed kan lesaren få ein helt unik framside for sine preferansar ut i frå de fire ulike emna, sport, kultur, økonomi, og politikk, legg Strømø til.
INFOMEVI 270 er eit avsluttande fag for studentar ved bachelorprogrammet nye medier.
Kurset er todelt og består av ein praksisperiode, og den andre delen ei bacheloroppgåve
Prototypen er utvikla for Bergens Tidene.
Personar bak: Martin Tuft Torvund og Tom Strømø.