HVO og UiB utfyllar kvarandre gjennom ulik kompetanse
Ana trur at samarbeidet mellom Bergen og Volda har eit stort potensiale, og at eit ambisiøst prosjekt som INJECT, krev djupt teoretisk konseptualisering og programmeringsarbeid, samtidig som det krev tett oppfølging av reell bruk av disse teknologiane i spesifikke journalistiske situasjonar.
– Bergen og Volda har kompetanse på ulike områder som kan dekke alle behov til prosjektet. Eg er overbevist om at måten vi utfyller kvarandre gir bredden og dybden som er nødvendig for at INJECT skal lykkes. Og eg er sikker på at i framtida vil det bli enda fleire prosjekter mellom HVO og UiB på teori og teknologiutvikling for journalistikk, seier Ana og legg til:
– I tillegg er det klart at både Bergen og Volda har et felles ønske om å bidra til teori og teknologiutvikling med reell brukbarhet i norsk journalistikkindustri, og dette er for meg den mest motiverande delen av samarbeidet.
INJECT viktig for framtidas datajournalistikk-teknologiar
På spørsmål om INJECT Noreg vil vere konkurransedyktig, svarar Ana at ein heller bør vere opptatt av kva ein skal verdsette som et resultat av INJECT.
– INJECT kan bidra til å hjelpe journalister i Norge og andre steder i Europa til å bli meir djupt involvert i utviklinga av framtidige datajournalistikk-teknologiar, og ikkje bare vere forbrukerar av globale teknologiløysningar, fortel Ana.
Ana synast at INJECT Noreg ikkje berre er viktig for det kommersielle aspektet, men òg for gründer-virksomhet.
– Det er viktig at verktøya blir markedsført og at verktøya blir salgbare, men det viktigaste er at prosjektet kan fremme en gründer-tenkemåte blant norske journalister, avsluttar ho.