Norsk versjon av INJECT snart klar for testing

Dei norske avispartarane Hallingdølen, Sunnhordland og Avisa Hordaland skal bruke INJECT verktøy på norsk i løpet av sommaren. Universitetet i Bergen har ansvar for å sette i gang testar, samle inn data, og legge til rette for målingar ved å dokumentere korleis INJECT faktisk fungerer i nyheitsredaksjonane.
Publisert: 20. desember 2016

I Noreg finst det fem store mediehus, Schibsted, Egmont Fonden, Amedia, Gyldendal og Aller. Amedia åleine eig 62 lokalaviser i Noreg, medan Schibsted eig nasjonale og lokale aviser. For lokalaviser er det viktig å halde fokus på lokal journalistikk for i gi innhald lesarane vil ha. Korleis kan INJECT hjelpe?

Nokre av avisene har mista lesarar, men den generelle gruppa av avisene har vedlikeholdt lesartala. Tid er ein viktig faktor for journalistar som arbeider i lokalaviser sidan eit intervju kan krevje at journalisten kan måtte reise over lengre distansar kvar dag. INJECT kan støtte journalistar med å finne kreative vinklingar på gjentakande hendingar, eller i eit intervju.

For at INJECT skal kunne lukkast i å hjelpe lokalavisene må avisenes eigne digitale arkiv kunne søkjast i. Ein må også arbeide med språkbarrieren, slik at INJECT verktøya kan søke i norske databasar. INJECT er stadig under utvikling, og ny funksjonalitet blir gjort tilgjengeleg omgåande. Sjå demo av INJECT ovanfor!


Publisert: 20. desember 2016
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram