« Alle Arrangementer

Bransjeseminar for MIX203

30. oktober 2023 kl 10:15 - 12:00

Måndag 30. oktober blir det bransjeseminar for studentane på MIX203. Vi inviterer gjester som kan fortelja om arbeidslivsrelevans i tilknytning til bachelor i medie- og interaksjonsdesign. Alle innleiarane har sjølv vore studentar her hjå oss, så erfaringane deira er svært relevante for dere.

 

IMG 3374
Biletet er frå eit tidlegare TekLab-arrangement. Foto: Janina Wildermuth.

Seminaret blir arrangert av programrådet for MIX/HCI ved professor Lars Nyre, og Helena Viktoria Johnsen, bransjekoordinator for MCB-utdanningane. Takk til førsteamanuensis Miroslav Bachinsky, kursansvarleg for MIX203, for velviljen.

 

Timeplan

10:15 - 10:30. Innleiing ved Lars Nyre og Helena Viktoria Johnsen.


10:30 - 10:50. Petter Omdal. Eigar og dagleg leiar av reklamebyrået Top of Mind. Petter tok bachelor i nye medier i 2014, og er ein ringrev i det vestlandske marknadsføringssektoren. Han starta sitt eige firma i Bergen, og fekk suksess med det. Etterkvart flytta han heimatt til Stavanger og etablerte hovudkontor der. Petter blir med oss på Zoom frå Stavanger.

Petter Omdal


10:50 - 11:10. Helene Høylandskjær, medarbeidar i TekLab. Helene er halvvegs i mastergraden og der ho samarbeider med Universitetsforlaget. I sommar hadde ho sommarjobb i Knowit og har fått jobb der som UX-designer etter fullført mastergrad. Ho gir tips til korleis ein bør gå fram når ein har fått ei praktisk problemstilling til case i eit jobbintervju.

Helene Hoylandskjaer


11.10 – 11.20. Pause.


11.20 – 11.40. Johanne Ågotnes, Webrådgiver i Acos. Johanne fullførte mastergraden i 2019 og jobba i Scout Gaming Group og deretter som studiekonsulent hjå UiB her i Media City Bergen. Våren 2023 fekk ho jobb i Acos. Ho fortel om sin karriere og den nye jobben. Johanne var nyleg på Y-konferansen i Oslo og høyrde designguruen Donald Norman. Ho fortel også litt om hans foredrag.

Johanne Agotnes


11.40 – 12.00. Martin Lund, UX-Designer hos Stacc X. Martin fullførte bachelorgraden våren 2023 og sikra seg jobb mens han enno var student. Martin fortel om utdanninga si og kva jobben i Stacc går ut på. Han gir gode råd til deg som ynskjer ein jobb innanfor interaksjonsdesign.

Martin Lund


 

Detaljer

Dato:
30. oktober 2023
Tid
10:15 - 12:00

Arrangører

University of Bergen
TekLab

Sted

Media City Bergen
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram