Korleis gå frå strøymeteneste til drøymeteneste?

Leveransen til TV 2 Sumo bestod av ein prototype og ein innsiktsrapport.  Prototypen Sumo Kids (klikk for å teste den) har design og funksjonar som er tilpassa born, og alle val som vart tekne i utviklinga av den er baserte på innsikta vi har innhenta frå feltstudiet og co-design. I innsiktsrapporten beskriv vi vala vi har teke i utviklinga av prototypen, samt at vi kjem med anbefalingar til TV 2 Sumo for utvikling av ei «drøymeteneste» for born. Under kan du lese dei 12 anbefalingane vi gav til TV 2 Sumo, og du kan sjå korleis mange av desse er illustrert i prototypen. Om du vil lese meir om korleis vi kom fram til desse anbefalingane og vala vi tok, kan du lese innsiktsrapporten her.

1. Startsida

Førehandsvisning av innhald er viktig, gjerne utan lyd med mindre ein slår dette på aktivt. Innhaldet bør presenterast i horisontale karusellar som borna kan sveipe eller bla gjennom. Dei bør også kunne sveipe eller bla vertikalt på sida. Framdriftslinja bør visast overalt på det innhaldet ein har starta å sjå på.

2. Mine kanalar

Borna i prosjektet responderte svært godt på idéen om spelelister – eller kanalar. Med denne funksjonen kan borna anten sjølv opprette spelelister, eller dei kan benytte seg av allereie genererte spelelister basert på til dømes humør. Etter bruktartesten vart det tydeleg at vi ikkje kunne kalle funksjonen for «Spillelister», og at vi ikkje kunne bruke musikkikon, då borna vart forvirra og tenkte at dette hadde noko med musikk å gjere. Vi gjekk derfor over til å kalle det «Mine kanaler» i rapporten.

3. Mine videoklipp

«Mine videoklipp» er ein plass i strøymetenesta der borna kan laste opp sine eigne videoar. Dette baserer seg på eit ønske som borna uttrykte om å kunne skape noko sjølv og utfolde seg, samt ønsket om å kunne gjere strøymetenesta til sin eigen ved å sjølv tilpasse den. Tanken bak er at borna kan vise videoar dei har laga til familie og vener på ein trygg måte, i staden for å laste dette opp offentleg på TikTok. Denne funksjonen har vi ikkje designa i prototypen.

4. Videospelaren

Her treng ein ikkje å finne opp hjulet på nytt. Borna kjente særs godt til dei etablerte designkonvensjonane for videospelarar, og navigerte med dette utan problem. Ei anbefaling er å bringe inn relatert eller anbefalt innhald i videospelaren, slik at borna enkelt kan utforske innhald, til og med når dei er midt i å sjå anna innhald.

5. Sosiale strøymetenester

Born, som vaksne, likar å anbefale innhald som dei synes er kjekt til vener og familie. Ved å bringe inn aspekt frå sosiale medium inn i ei strøymeteneste kan ein legge til rette for anbefaling av innhald til andre på ein enkel måte. Moglegheita for å «sjå saman» syntes borna var spanande, og vi anbefalte TV 2 Sumo å sjå nærare på dette, noko dei også gjorde (Connect). Standardinnstillinga for dei sosiale aspekta bør vere av, og kun foreldra må kunne slå det på.

6. TV-venn

Mange av borna i målgruppa kan ikkje skrive eller lese, og då vil ein stemmestyrt assistent kunne vere til stor hjelp når borna skal finne innhald. Stemmestyringa bør vere knytta opp til eit ansikt/ein figur, for å «gi liv» til den. Det finst mange moglegheiter ved å bruke ein «TV-venn» for å styre grensesnittet. I prototypen kan ein (ved innlogging i Adobe XD – sjå brukarveiledning på side 16 i innsiktsrapporten) bruke stemmestyring for å snakke med TV-vennen. Når vi hadde borna med på co-design kom det fram mange gode idéar til ein TV-venn, blant anna at borna bør kunne tilpasse og bestemme utsjånaden til TV-vennen.

7. Søk

I feltstudiet og i brukertestane såg vi at born brukar søkefunksjonar ikkje berre for å finne det spesifikke innhaldet dei leitar etter, men også for å leite etter nytt innhald å sjå på. Ein funksjon kor ein kan filtrere resultata med kategoriar og bokstavar er attraktivt for born og passar deira bruksmønster.

8. Empty state 

I skjermdumpen over kan du sjå dei noverande løysingane for «empty state» (som er når ein har søkt etter ein tittel som ikkje finnast på sida). Hos Netflix får ein sjå ting som liknar det ein har søkt etter, men ein får inga tilbakemelding på at innhaldet ein ser etter ikkje er tilgjengeleg. Dette kan skape forvirring for born, og dei vil kanskje bruke tid på å sjå gjennom innhaldet som dukkar opp. I Sumo si strøymeteneste får ein tilbakemelding om at dei ikkje fann det du søkte etter, men det er inga moglegheit for vidare interaksjon med andre titlar. Vi ville kombinere desse to løysingane i vår prototype, ved å gi beskjed om at innhaldet ein søkte etter ikkje finst, men samtidig anbefale liknande titlar.

9. Logg

Det kom nok ikkje som ei stor overrasking på oss at born likar å sjå ting om att og om att, og dei bør difor ha ein enkel måte i finne tilbake til dette. I prototypen er dette representert med eit klokkeikon som står i linje med etablerte designkonvensjonar. 

10. Innhald

Ei svært sentral og viktig innsikt frå vårt prosjekt er at born elskar YouTube. Det dei elskar mest med plattforma er innhaldet dei kan finne der. Der kan dei finne innhald relatert til deira interesser og hobbyar, og dette står sterkt når borna skal velje kor dei skal strøyme. Innhaldet på YouTube kan gjerne vere svært kort, ned i 1-2 minutt. Ei anbefaling til Sumo var å greie ut moglegheitene for å gå til innkjøp av slikt innhald. Denne typen innhald vil også fungere svært godt med speleliste-funksjonen samt dei sosiale funksjonane i vår prototype. 

11. Foreldrekontroll

Foreldra i prosjektet ønsker at innhaldet borna ser på skal vere validert av eit ekte menneske. Dei ønsker og å kunne setje ei øvre aldersgrense for innhald, som automatisk oppdaterer seg når bornet fyller år. Dei ønsker moglegheita til å filtrere bort visse typar innhald som til dømes vald, banning og sex. Dei vil og ha meir avanserte foreldrekontrollar som handterast automatisk men som dei kan endre på om dei ønsker. 

12. Strøymetenesta som veks med brukaren

Dette siste punktet er ein tanke som krystalliserte seg meir og meir utover prosjektperioden, både i samtale med born, foreldre og oss i gruppa i mellom. Kva om ein strøymeteneste for born kan utvikle seg saman med brukaren? Born utviklar seg raskt, med tanke på til dømes bruksmønstre og innhaldsinteresser. Ei strøymeteneste for ein 3-åring bør ikkje vere akkurat lik som for ein 9-åring. Den vil då mest sannsynleg vere anten for komplisert for 3-åringen eller for keisam for 9-åringen. Vi identifiserte fire element som må endrast over tid for at ei strøymeteneste skal kunne vekse med brukaren; interaksjon, audiovisuelt design, videoinnhald og funksjonar. TV 2 kan forske vidare på dette, og finne ut kva behov og preferansar born i dei ulike aldersgruppene har i bruken av strøymetenester. Ei strøymeteneste som veks med brukaren kan vere med på å behalde brukaren frå barndommen og inn i vaksenlivet, som jo var eitt av TV 2 Sumo sine overordna mål med ei strøymeteneste for born.

 


Prototype demo

linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram