Camilla Gudmundsen Høiland, Oda Elise Nordberg og Ingvild Fiskerstrand har saman utvikla UPLY. Applikasjonen hentar ut informasjon frå ulike kjelder og framvisar dei i ein feed som kan bli sortert i kategoriar. Prototypen består av data som studentane manuelt har lagt inn. Applikasjonen er utvikla for journalistar i lokalaviser, men kan i utgangspunktet brukast av alle typar journalistar.
– UPLY er ein nyheitsstrøm for journalistar som samlar innhald frå sosiale medium, nettaviser, pressemeldingar og tips-mail. Applikasjonen skal bidra til å gjere det enkelt for journalistar å finne spennande saker på mobilen, lagre dei, for så å enkelt finne tilbake til saka på datamaskinen, fortel Camilla.
UPLY er eit studentprosjekt som blei utvikla da studentane skreiv bacheloroppgåve i Nye medier ved Universitetet i Bergen, og hadde praksisplass i M’Labs.
– I byrjinga brukte vi ein del tid på å kartlegge journalistane sitt behov og korleis vi kunne dekke det behovet best mogleg, seier Oda.
Studentane kom tidlig i kontakt med journalistar og snakka med dei om kvar dei får informasjonen sin frå og kva slags plattformer dei brukar i arbeidet sitt. – Ved å snakke med journalistar så vi at det var behov for å gjere informasjonsinnsamlinga deira enklare, fortel Ingvild.
UPLY er ein prototype som skal effektivisere arbeidskvardagen til journalistar.
Applikasjonen er utvikla av studentar frå Nye medier, Universitetet i Bergen.
Prosjektet er tilknytt INJECT Noreg, som er kreativ støtte for journalistikk.
Samarbeidspartnarar i INJECT Noreg er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda, M’Labs og lokalavisene Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen.
INJECT er eit EU-prosjekt som utviklar kreative verktøy for journalistar.
Studentane som blei ferdig med ein bachelorgrad i Nye medier våren 2017, håpar no at UPLY blir utvikla vidare. Dei fortel at UPLY har blitt presentert for resten av INJECT-teamet, og at responsen har vært positiv. Om dei hadde fått oppgåva sjølve å utvikle UPLY vidare ville dei jobba for å nå det målet.
– Eg ser for meg at UPLY hadde passa inn i INJECT-pakken, sidan UPLY samlar all informasjon ein kunne trenge for å lage sakar, mens JUICE hentar ut relevant informasjon som ein leitar seg fram til, seier Ingvild. Ho trur det ville vært mogleg å koble UPLY opp mot databasane til INJECT.
– Akkurat no brukar INJECT mykje tid på å ferdigstille nokre andre verktøy i INJECT-pakken, men etterkvart vil dei truleg begynne å utforske UPLY og potensiale det har, avsluttar ho.