Sara Finne har arbeidd hos Avisa Hordaland fast i 3 år og likar at ein kan møte mange nye folk.
– Det er ein utruleg variert arbeidskvardag, kan skrive i alt frå koselege lokalsaker til større seriøse saker. Det er veldig givande å arbeide i lokalavisa fordi den er så viktig for mange i lokalsamfunnet, fortel Sara.
Ein vanleg arbeidsdag for Sara er å deske saker og skrive saker til nettavisa. Nett no arbeider Sara med spalta “Sommarflørten 2017”, som handlar om å intervjue par busett i dekningsområdet. – Eg har ein teori med at alle har ei fin kjærleikshistore, og det treng ikkje å vere ei ‘sjuk’ historie, men ei vanleg kjærleikshistorie. Sara får blant anna tips frå personar både på Facebook, Snapchat og e-post, og arbeidet med å finne intervjuobjekt er ikkje lett.
– Vi må ut og møte dei der dei bur. Sist reiste vi til Ulvik for å intervjue eit par, og det tok omlag 40 minutt kvar veg. Vi er vande med å reise langt for å få intervju og vi har jo dekningsområde heilt frå Vaksdal kommune til Eidfjord kommune, legg Sara til.
Geir Geitle er ansvarleg redaktør i avisa Hordaland, og har jobba i avisa i meir enn 30 år. – Eg er undrande, men spent, fortel redaktør Geir Getle om korleis INJECT kjem til å fungere i avisa. INJECT lovar fleire kvalitetssaker laga raskare enn før og høgare lesartal i avisa.
Geitle fortel at dei var redd for ein nedgang i antall abonnementer, sidan dei i fjor mista fleire abonnement etter sommaren. – Vi har fått omlag 200 nye abonnentar dei siste månadane grunna ny betalingsløysing då vi gjekk over til eit nytt CMS levert av Agder media.
I løpet av sommaren og hausten 2017 skal Universitetet i Bergen samle inn dokumentasjon om korleis INJECT kan fungere i verkelege situasjonar. Og korleis kan INJECT gje superkrefter til lokaljournalistikken?