Tittelen på denne utgåva er Innovasjonspedagogikk. Ein metode for å ta i bruk ny teknologi i medieutdanningar (klikk på lenka for å gå direkte til artiklane). Lars Nyre er gjesteredaktør og har samarbeidd tett med redaksjonsmedlem John Magnus Ragnhildson Dahl.
Utlysing frå Norsk medietidsskrift
Våren 2023 lyste Norsk medietidsskrift etter fagmiljø som ville laga eit temanummer. TekLab-miljøet ved Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Universitetet i Stavanger søkte og fekk tilslag. Frå hausten 2023 og fram til januar 2025 har det vore intenst arbeid med artikkelskriving, fagfellevurdering og revidering av artiklane. Det kom inn så mange manuskript at det etterkvart blei bestemt å laga eit dobbeltnummer med seks artiklar istadenfor tre.
Temanummeret blei delfinansiert med midlar frå TekLab, og det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som i sin tur finansierer TekLab. Målet er å utforska bruk av framveksande teknologiar i ordinær undervisning på høgare utdanning. Temanummeret inngår som ein del av formidlinga frå dette prosjektet.
Korleis handtera ny teknologi?
Artiklane handlar om korleis medieutdanningar bør handtera dei stadige endringane i teknologi som påverkar mediesektoren spesielt og høgare utdanning generelt.
Det trengst læringsmetodar som kan bidra til å gje studentar både kritisk sans, tekniske ferdigheiter og omstillingsevne for deira femti år lange yrkesliv. Kva bør desse metodane bestå av? Dette temanummeret inneheld seks artiklar og eit essay som gjev ulike svar på dette viktige spørsmålet.
Oversikt over artiklane
Klikk på lenkene nedanfor for å gå direkte til artiklane. Dei er gratis tilgjengelege.
Leiar ved Lars Nyre: Innovasjonspedagogikk. Ein metode for å ta i bruk ny teknologi i medieutdanningar.
Kjersti Sivertsen: Å fremelske innovasjonskompetanse. Utforsking av ny medieteknologi med elever på videregående skole.
Joakim Karlsen og Tore Marius Akerbæk: Å kode nye medieuttrykk
Kjetil Vaage Øie og Fredrik Håland Jensen: Undervisning uten eksperter. Didaktiske dilemmaer i medieundervisning gjennom fremvoksende teknologier
Sigmund Trageton og Lars Nyre: Diskusjon i undervisninga og podkasting i vurderinga. Eit forsøk på å styrka studentanes munnlege engasjement i møte med skjermteknologi og ChatGPT.
Roy Emanuelsen og Hans-Olav Hodøl: Kommunikasjonsutdanning – for dagen i dag og dagen i morgen.
Rucha Tulaskar, Andy Opel, Markku Turunen, Ivar John Erdal og Audun Klyve Gulbrandsen: Through the Looking Glass: Exploring the Metaverse for Teaching Media Education in Real-Time International Collaboration.
Zulfikar Fahmy: Making movies in the air. Adapting traditional storyboard techniques to drone film and virtual reality (VR)
I tillegg må det nevnast at vår TekLab-kollega Rebecca Nedregotten Strand fekk på trykk følgande artikkel i Norsk medietidsskrift nr. 4/2024: Learning by diving» – innovasjonspedagogikk i praksis. Mediestudentar på gyngande museumsgrunn.
Innovasjonspedagogikk
Innovasjonspedagogikk dreier seg om å utsetja studentane for stor usikkerheit på ein planmessig måte, og på denne måten gje dei kompetanse til å handtera omveltande innovasjon. Dei fleste artiklane kretsar rundt metodar for å få dette til.
Den danske forskaren Lotte Darsø har skrive mykje om innovasjonspedagogikk. Ho seier at: «Det drejer sig om at hjælpe de studerende til at lære at leve med evig usikkerhed i en skrøbelig verden fuld av paradokser, der ikke kan løses. De må uddannes til at tro på sig selv, til at have selvværd og til at kunne motivere sig selv» (Darsø 2019, s. 15).
Slik pedagogikk vil kunna gje studentane ei sjølvstendig rolle i handteringa av ny teknologi. Dei blir deltakarar i si eiga utdanning, ikkje tilskodarar til ekspertane sine forklaringar på kva det er lurt å gjera.
Målet er at temanummeret skal bidra til å normalisera utforskinga av ny teknologi i medieutdanningar, og at dette på sikt skal bidra til å styrka studentane sine evner til å handtera eit omskifteleg og forvirrande arbeidsliv.