Løyvinga vart gitt i hard konkurranse med søkarar frå heile Noreg. DIKU er ei forkorting av “Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning”, og tildelinga kjem frå deira program for studentaktiv læring. I alt 14 prosjekt fekk støtte til å utvikle nyskapande undervisnings- og vurderingspraksis. Det kom inn 86 søknader som kjempa om ein samla tildelingspott på 70 millionar. Les meir om årets tildelingar her.
Studentar ut i samfunnet
Hovudambisjonen i prosjektet er å støtte opp under utviklinga av samfunnsnyttig, men også grensesprengande teknologi for medier og kommunikasjon blant studentar i Media City Bergen og hjå samarbeidspartnerane.
Tildelinga vart gitt for å vidareutvikle, strukturere og overføre innovasjonspedagogikk for medieutdanningar, slik at denne metoden vert mest mogeleg verdifull for samfunnet. Fagmiljøet i Media City Bergen har utvikla denne studentaktive læringsmetoden over mange år. Målet er å gjere studentane er sjølvstendige og robuste når dei går ut i arbeidslivet, slik at dei har gode vilkår for å få seg gode jobbar og bidra med verdifull nyskaping.
Arbeidslivsrelevans
Prosjektmidlane gjer at innovasjonspedagogikk kan verte ein av UiBs viktigaste metodar for opplæring i innovasjon og entreprenørskap. UiB vil no kunne få ein særleg sterk utviklingskompetanse på fagfeltet medier, kommunikasjon og IKT.
Arbeidslivsrelevans er eit viktig stikkord for prosjektet. Det er vesentleg for samfunnsverdien til prosjektet at utviklingsarbeidet føregår gjennom utadvent og gjensidig samarbeid med private medieverksemder, statlege instansar og friviljuge organisasjonar.
Innovasjonspedagogikk utfordrar studentane til å ta ansvar for utviklingsprosjekt som har stor risiko for ikkje å verte meistra eller gjennomført. Evna til å vere kreativ under usikre forhold vert i stadig større grad oppfatta som ein kjernekompetanse for nyutdanna studentar, og DIKU-prosjektet har som mål å operasjonalisere denne evna som ein formell kompetanse eller ferdigheit. På denne måten vil prosjektet kunne få spesielt stor arbeidslivsrelevans innan sektoren for medier, kommunikasjon og IKT.
Organisering av prosjektet
Prosjektet vert leia av professor Lars Nyre, og den daglege undervisninga vert utført av ei rekkje dyktige faglærarar i Media City Bergen. Blant dei sentrale kreftene er PhD-kandidatane Fredrik Håland Jensen og Oda Elise Nordberg som er ektefødte barn av instituttet sine utdanningar innan medier og interaksjonsdesign.
Andre sentrale deltakarar er førsteamanuensis Duc-Tien Dang-Nguyen, universitetslektor João Costa Ribeiro, overingeniør Zulfikar Fahmy, teknisk sjef Terje Thue og studiekonsulent Johanne Ågotnes. Prosjektstaben vert utvida med fleire faglærarar etterkvart.
Studentar skal rekrutterast til sentrale administrative og faglege roller i prosjektet. Det skal etablerast eit studentråd som skal evaluere opplegget årleg, og deira råd veg tungt når det gjeld vidare satsingar. Studentar skal få lønn og reisemidlar så dei kan presentere prototypar i dei rette fora nasjonalt og internasjonalt.
Prosjektet skal ha utstrakt regionalt og internasjonalt samarbeid. Sjølv om Mediebyen er hovudarenaen skal prosjektet ha eit samarbeid med Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Volda, Langhaugen VGS, Amalie Skram VGS og vår internasjonale partner Florida State University.
Formidling gjennom TekLab
All formidling frå prosjektet vert lagt inn under TekLab. TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling innan medier og kommunikasjon som vart etablert med sitt noverande namn i 2017.
TekLab er fyrst og fremst eit forum for formidling av teknologiutvikling, og har som mål å fremje denne metoden som eit supplement til meir tradisjonell analyse av innhald og åtferd i mediene. TekLab har publisert artiklar om prototypeprosjekt frå Horizon 2020, Norges forskingsråd og Rådet for anvendt medieforsking (RAM), og presenterer også utviklingsarbeid laga av doktorgradskandidatar, masterkandidatar og bachelorgrupper.
TekLab fekk støtte til si verksemd frå SAMKUL-programmet i 2018 og UH-nett Vest “Forskning på Tvers” i 2017. Med løyvinga frå DIKU får nettverket høve til å fokusere meir resolutt på studentorientert design og innovasjon. Det nye prosjektet vil dra nytte av fagleg kompetanse, ein offentleg identitet og eit kontaktnett i inn- og utland som er utvikla i TekLab over lang tid.