Frå strøymeteneste til drøymeteneste

Eva Iselin Husby (produkteigar i TV 2 Sumo) og Alexander Valland Straume (UX Lead i TV 2 Sumo) tar heisen ned nokre etasjar frå TV 2 for å pitche spanande prosjektidéar for første gong til masterstudentane på medie- og interaksjonsdesign. Dei beskriv blant anna at dei har identifisert eit behov for å forbetre TV 2 Sumo si løysing for born. For meg og to medstudentar, Sara Pedersen Stene og Fredrik Håland Jensen, vart det fort klinkande klart at dette var noko vi ønska å jobbe med som vårt masterprosjekt.
Skjermdump frå prototypen Sumo Kids.
Publisert: 1. juli 2022
Alexander Valland Straume og Eva Iselin Husby i TV 2 Sumo. Foto: Sara Pedersen Stene

Dette vart startskotet for prosjektet «Sumo Kids», som var eitt av dei første samarbeidsprosjekta i denne skalaen mellom UiB og TV 2. Prosjektet resulterte i ein prototype for ei strøymeteneste for born, ein innsiktsrapport til TV 2, samt tre masteroppgåver som belyser ulike delar av prosjektet. Du kan lese om korleis gå frå strøymeteneste til drøymeteneste og prøve prototypen der! Du kan også lese innsiktsrapporten vi leverte til TV 2 her. 

 

Vidare i denne artikkelen vil eg gje deg ei kort beskriving av bakgrunnen for prosjektet, ein gjennomgang av metodane vi brukte, samt at eg vil trekke fram nokre av dei viktigaste innsiktene vi sit igjen med.

Her er dei tre masteroppgåvane:

Johanne Ågotnes - Si, gjøre, lage

Fredrik Håland Jensen - Hvordan en strømmetjeneste kan vokse med brukerens alder

Sara Pedersen Stene - Designprinsipp for stemmestyrte grensesnitt for barn – En strømmetjeneste som snakker

 

Klikk på biletet for å prøve prototypen.

Kvifor bry seg om brukarvenlegheit for born?

Det finst fleire gode grunnar for å rette fokus mot born som brukarar, og vi som masterstudentar i samarbeid med ei mediebedrift måtte sjå på dette frå to perspektiv; frå dag éin på universitetet og vidare i alle prosjekt vi har gjort har fokuset på samfunnsoppdraget stått sentralt. Vi skal drive utviklinga av medium og teknologi fram på ein ansvarleg måte. På ei anna side samarbeidde vi i dette prosjektet med ei av dei største mediebedriftene i landet. Det skal seiast at TV 2 også har eit samfunnsoppdrag som dei tek seriøst, men det er ingen tvil om at pengar er ein særs viktig faktor i deira utvikling av nye produkt.  

Det samfunnsmessige perspektivet: Dei digitale innfødde må bli tekne på alvor

Born i dag veks opp med teknologi rundt seg frå ung alder, mange born kan kanskje navigere seg rundt på eit nettbrett allereie frå 1-2 års-alderen. Dei er digitale innfødde, og dei opplever og brukar teknologi på ein heilt annan måte enn vaksne som ikkje har vakse opp med denne enorme tilgangen på teknologi. I innleiinga til rapporten frå undersøkinga Barn og Medier 2016 skriv Eva Liestøl at kunnskap om borns bruk og opplevingar av medium er viktigare ann nokon gong for at foreldre, utdanningssystemet, forskarar og beslutningstakarar skal kunne gjere gode val og vurderingar. Om vi ser på grafen under, ser vi at YouTube utpeikar seg som vinnaren hos borna når det kjem til strømming av videoar på nett. YouTube er ein open plattform med eit hav av innhald, og mykje av dette innhaldet er ikkje passande for born. Difor bør vi strebe etter å gjere dei trygge, norske strøymeløysingane så attraktive for born at dei heller ønsker å bruke desse.

“Hvor ofte bruker du følgende web-tv-tjenester? (ukentlig)” henta frå undersøkinga Medieborn 2017 (Kantar, 2018).

Det kommersielle perspektivet: Ein skal jo tene pengar, óg

Borna er framtidas kundar, og ved å gi born eit godt forhold til TV 2 Sumo i ung alder kan ein auke sannsynet for å halde på dei som trufaste kundar når dei går over til å bli kjøpesterke vaksne. I tillegg til dette kan ei god borneløysing auke bruken av Sumo i familien, og gjere det mindre sannsynleg at kundar avsluttar abonnementet. Ei god løysing for born kan óg vere kjøpsutløysande for nye kundar.

Seks metodar tilpassa born

Gjennom hausten 2018 og våren 2019 brukte vi seks metodar som skulle gi oss all innsikta vi trengde for å forvandle TV 2 Sumo si løysing for born frå strøymeteneste til drøymeteneste. 

Den første metoden vi brukte var ekspertevaluering av dei mest populære dåverande strøymetenestene for born. Evalueringa baserte seg på Nielsen’s brukarvenlegheitsheuristikkar. På denne måten kunne vi skaffe oss ei betre oversikt over korleis status faktisk var, og vi vart ikkje vidare imponert over stoda. Ofte hadde bornegrensesnitta akkurat dei same løysingane for interaksjon som vaksengrensesnitta, berre at ein hadde endra bakgrunnsfarge til kvit og lagt til nokre runde ikon på toppen. Det bar ikkje preg av at born som brukargruppe hadde blitt tatt seriøst i designprosessen. Vi fekk også ei kjensle av at mange av strøymetenestene hadde blitt heftig inspirert av strøymegiganten og marknadsleiaren Netflix. Når det gjeld den dåverande løysinga til Sumo vart vi heller ikkje imponerte. Under kan du sjå kvar ein må klikke for å komme inn til barneløysinga.

Skjermdump frå korleis TV 2 Sumo såg ut i 2018. Ein må klikke på hovudmenyen og finne «Barn» nederst for å komme til barneløysinga.

Det neste vi gjorde var eit etnografisk feltstudie, der vi rekrutterte bornefamiliar og fekk reise heim til dei for å undersøke korleis born brukar strøymetenester. Borna fekk sjølv velje sin favorittstrøymeteneste, og så fekk dei nokre oppgåver som vi hadde laga som dei skulle utføre i strøymetenestene. Borna brukte blikksporingsbriller under oppgåveløysinga, og dette gav oss konkrete data om kor borna såg når dei navigerte seg rundt i strøymetenestene, og kanskje viktigare; kor dei ikkje såg i det heile tatt.

 

Skjermdump frå eitt av opptaka med blikksporingsbrillene; her er vi midt i ein «sakkade» (augene er midt mellom to fikseringar) frå karakteren vi ser til høgre og opp til funksjonane i høgre hjørne.
Kalibrering av blikksporingsbrillene før brukartest. Foto: Sara Pedersen Stene

Det som kanskje var det aller kjekkaste vi gjorde var ei co-design-økt saman med borna vi tidlegare hadde vore på heimebesøk hos. Då inviterte vi dei til Media City Bergen kor vi teikna, brukte modellerkitt og snakka med borna om det dei laga. Her fekk dei frie tøyler til å teikne ein «drøymestrøymeteneste», og dette hjalp oss med å sjå fleire moglegheiter og mindre avgrensingar. Borna laga også figurar av korleis ein «TV-venn» kunne sjå ut.

Eitt av borna sin versjon av ein «TV-venn» frå co-design-økta. Foto: Sara Pedersen Stene

Mens borna hadde co-design-aktiviteten, vart også foreldra invitert til ei fokusgruppe der vi ønska å utrede foreldras behov for ei strøymeteneste for born. Dette var satt opp som eit semistrukturert intervju slik at vi kunne styre samtalen inn på emner som var viktige for oss å få innsikt om, som funksjonalitet og innhald. 

Basert på det vi hadde henta ut av innsikt gjennom bruk av dei ovannemnte metodane utvikla vi ein prototype i Adobe XD. I neste avsnitt kan du lese meir om prototypen. For å finne ut om vi var på riktig spor med prototypen brukartesta vi den saman med borna som var med i prosjektet. Her brukte borna igjen blikksporingsbriller mens dei løyste eit sett med oppgåver. Resultatet frå desse brukartestane, saman med innsikta frå fokusgruppa med foreldre, vart brukt som grunnlag for å anbefale løysingar som kunne hjelpe TV 2 Sumo å utvikle ei strøymeteneste som er attraktiv for born.

Brukartesting av prototypen. Foto: Sara Pedersen Stene

Oppsummering

For at TV 2 skal lukkast med ei strøymeteneste for born, er det viktig at dei tek borna på alvor i utviklinga av den. Born i dag har ofte uendelege moglegheiter for å verte underhaldt, og vi ser at dei ofte går til YouTube. TV 2 må lage ei strøymeteneste som er attraktiv for born ved å ta omsyn til deira behov, bruksmønstre og forventningar til medieteknologi, samt at dei burde sjå på kva for innhald som er attraktivt for born. Eit anna aspekt er foreldra; det er dei som skal betale for tenesta, og då må tenesta også ta omsyn til deira krav og forventningar. Vi, saman med borna og foreldra i prosjektet, er i alle fall sikre på at ei strøymeteneste som implementerer alle dei ovannemnte anbefalingane vil bli ei ekte drøymeteneste.


Publisert: 1. juli 2022
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram