Laga for redaksjonar
NewsCloud brukar ein automatisk algoritme for å lokasjonsfeste innhald til spesifikke stader. Tessem forklarar at artiklane dei brukar er frå 2012 – 2015, og er knytt til spesifikke koordinatar i Bergen. Brukaren kan dermed finne nyheiter som ligg nær, og får ei liste over artiklar som kan vere relevant å lese mens ein er akkurat på den staden.
Tessem seier at NewsCloud kan vere til bruk for redaksjonar, som ein måte å distribuere både nye og gamle artiklar som er knytta til ein konkret stad. – Lokasjonsteknologi kan verte eit friskt pust for den lokale mediebransjen, seier Tessem. Men dette er framleis ein teknologi som er ganske uprøvd, og redaksjonane veit ikkje heilt korleis dei skal stilla seg til den. Han forklarar vidare at den økonomiske situasjonen kan vere ein grunn til at mediehus er redde for å ta sjansar.