TekLab har fått ny nettstad

Du opplever no vår nye nettstad, som vi tek bruk i løpet av juni 2021. TekLab har stor vekt på formidling av teknologiprosjekt, og treng difor ein velfungerande nettstad. Det er finansieringa frå DIKU som gjer det råd for oss å gjere denne investeringa.
Trym Arvesen og Audun Klyve Gulbrandsen har laga den nye nettstaden. Foto: Jacob Bull.
Publisert: 18. mai 2021

Den nye nettstaden er laga av våre to medarbeidarar Trym Røed Arvesen og Audun Klyve Gulbrandsen. Dei er begge rådgivarar og prosjektutviklarar for TekLab og driv i tillegg gründerfirmaet Spello.

"Nye TekLab" liknar ein del på den gamle, men er meir effektiv på viktige område.

- Den gamle nettstaden hadde ytelsesproblem og lasta inn sakte. Det var også store begrensingar i kva slags designvalg vi kunne gjere. Med ny og kraftigare server har vi fått ei langt meir stabil nettside, og vi oppnår også betre score hjå søkemotorane, seier Audun.

Her visest ytelsesscoren for den nye nettstaden. Skjermdump frå Google Web.dev.

NRK som ideal

Audun og Trym har erfaring med nettdesign blant anna frå arbeid hos Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

- Når det gjeld typografi og layout har vi brukt nrk.no som ideal. NRK har eit veldig gjennomarbeidd design som fungerer godt, og det har vært nyttig å sjå på deira løysingar for å ta stilling til ulike problemstillingar undervegs i utviklinga.

Audun og Trym har jobba med med nettstaden i eit deltidsengasjement frå januar 2021, og kjem til å fortsetja med finpussinga ei god stund framover.

- Det er ein viss fare for at vår layout liknar litt for mykje på NRK, men det er heldigvis enkelt å gjere mindre justeringar i form og farge etter at grunnstrukturen er på plass, seier Audun.

Nye TekLab er ein responsiv nettstad som skal visast pent både på mobil, nettbrett og stor skjerm. Skjermdump ved Audun Klyve Gulbrandsen.

 

Studentprosjekt og forsking

Her på nettstaden publiserer vi nyheitssaker om dei mange undervisningsaktivitetane som DIKU-tildelinga gjer det råd å satse på.

Våren 2021 støttar TekLab blant anna opp undervisningsprosjekt knytt til droner, robotar, mobil-appar, og augmented reality (AR) for byggebransjen. Alle prosjekta som foregår i TekLab vert omtalt med nyheitssaker og meir detaljerte presentasjonar av prototypar.

TekLab har også ein forskingsdimensjon, og vi presenterer nyheiter om tildelingar og publikasjonar.  Når det gjeld forsking har TekLab mykje eldre materiale som vert flytta over frå den gamle nettstaden. Det er viktig å kunne vise fram kontinuiteten i arbeidet til TekLab frå starten og til no.

Vart etablert i 2016

Den gamle nettstaden vart laga av Aleksander Nygård Tonheim i 2016. Aleksander var då masterstudent på informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og vitskapleg assistent i EU-prosjektet INJECT. Han laga nettstaden som del av sin innsats i dette prosjektet. Rådet for anvendt medieforsking (RAM) støtta også INJECT-prosjektet, og utviklinga av nettstaden vart delvis finansiert av dei.

Deretter vart  TekLab  vedlikehaldt av Ingvild Jansen, som var masterstudent i medievitskap og vitskapleg assistent med finansiering av SAMKUL i Forskningsrådet. I eitt års tid vart TekLab skjøtta av masterstudent i medie- og interaksjonsdesign Aslak Ihle med midlar frå Institutt for informasjons- og medievitskap.

Nettstaden har såleis heilt frå starten vorte utvikla og vidareført av studentar ved Universitetet i Bergen.

Aleksander Nygård Tonheim viser fram TekLab-nettstaden til tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen Dag Rune Olsen på Digital myldredag i november 2017. Foto: Ingrid Aarseth Johannessen.

Publisert: 18. mai 2021
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram