TekLab var eit pedagogisk tiltak som utforska innovasjonspedagogikk i medieutdanningar. Les gjerne meir om innovasjonspedagogikk i artikkelen "Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar" her på TekLab.
Tiltaket blei igangsett av professor Lars Nyre på byrjinga av 2010-talet og fekk sitt noverande namn og sin faglege identitet i 2015. TekLab var knytt til Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Tiltaket var særleg tett knytt til program for medie- og interaksjonsdesign og var lokalisert i Media City Bergen. TekLab blei offisielt avslutta i juni 2025.
TekLab hadde som mål å tilføra nye og eksperimentelle element til tradisjonelle utdanningar. Det var difor viktig å skaffa ekstraordinære midlar for å kunna be studentar, faglærarar og samarbeidspartnerar om den ekstraordinære innsatsen som var trengt. Leiar Lars Nyre sikra pengestøtte frå ei rekke kjelder frå etableringa i 2015 til avslutninga i 2025. Her følgjer eit oversyn.
2025: Universitetsleiinga ved UiB gav 389 500 kr i insentivmidler til prosjektet «Tverrfaglig kursportefølje for innføring i innovasjonsmetoder». Prosjektet viderefører lærings- og vurderingsmetoder som ble utviklet i TekLab.
2025: Olsens legat gav 84.000 kr til prosjektet “Et studentaktivt læreverk om innovasjonsmetoder».
2024: Olsens legat gav 100.000 kr til prosjektet ”Fire StudentDemoer i tilknytning til utstillingen "Ambivalent intelligens" i samarbeid med Universitetsmuséet.
2023: Pressens faglitteraturfond gav 316.000 kr til Geir Terje Ruud og TekLab for å støtta arbeidet med ei digital håndbok. Boka handlar om korleis du kan utvikla prototypar på nye medieløysingar, og korleis du bør gå fram for å lykkast med innovasjon og entreprenørskap.
2021: HK-dirs tiltak for økt arbeidsrelevans gav 5.000.000 kr til prosjektet "TekLab Bedrift. En verdiorientert utforskning av fremvoksende teknologier i samarbeid med bedrifter for å øke medieutdanningers relevans i arbeidslivet". Dette er eit samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Volda.
2021: Rektoratet ved UiB gav 379.000 kr i ekstrastøtte til "TekLab. Innovasjonspedagogikk for medieutdanninger" etter at me fekk midlar frå DIKUs tiltak for studentaktiv læring for perioden 2021-23.
2021: TekLab fekk 360.000 kr i støtte frå Universitetet i Stavanger (UiS) til å overføre prinsipp for innovasjonspedagogikk til ei studentaktiv utforsking av immersjon ("innleving") i digitale medieuttrykk ved utdanningane til Institutt for medie- og samfunnsfag ved UiS. Les meir om denne tildelinga i saka "Utdanningsmidler fra Universitetet i Stavanger".
2020: TekLab fekk 5.000.000 kr i støtte frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU) til vår satsing på innovasjonspedagogikk for medieutdanningar. Les meir om tildelinga i artikkelen "Fem millionar til teknologiutvikling blant studentar".
2020: TekLab fekk 250.000 kr i støtte frå UH-nett Vest til eit initiativ til å lage ein forskingssøknad knytt til AI-støtta nyheits- og annonseproduksjon. Prosjektet er eit samarbeid mellom firmaet Future Solutions, UiB, UiS og lokalavisene Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen. Les meir om tildelinga i artikkelen "TekLab får såkornmidlar frå UH-nett Vest".
2019: TekLab fekk 314.000 kr i støtte frå Rådet for anvendt medieforsking til prosjektet "Automatisering av nyheiter". Prosjektet er eit samarbeid med firmaet Future Solutions, og vert drifta av Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger (UiS). Les meir om tildelinga i artikkelen "Automatisering av nyheitsarbeid i lokalaviser".
2018: TekLab fekk 300.000 kr i støtte frå SAMKUL; eit forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd, for å etablere eit større nettverk med regionale, nasjonale og europeiske partnarar innan medieteknologi og innovasjon. Les om prosjektet i NFRs prosjektbank og i artikkelen "Forskningsnettverk fikk gjennomslag i NFR".
2018: TekLab fekk 200.000 kr i støtte frå UH-Nett Vest-satsinga Forsking på tvers til prosjektet "Virtual og augmented reality i lokaljournalistikken. Ei regional forsterking av EU-prosjektet INJECT". Les meir om prosjektet på UH-nett Vest si prosjektside og i artikkelen "Støtte til prosjekt om VR og AR i lokaljournalistikken".
2017: TekLab fekk 217.000 kr i støtte frå Studieadministrativ avdeling ved Universitetet i Bergen til utforsking av ny teknologi i undervisninga. Les ein sak om "Barns bruk av strømmetjenester" skrive av masterstudentar etter vårt besøk på TV-messa IBC hausten 2018. Reisa var finansiert av midlane frå Studieadministrativ avdeling. Same året fekk TekLab Små driftsmidlar frå Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB til forsking på teknologiutvikling.
2016: TekLab fekk 500.000 kr i støtte frå Rådet for anvendt medieforsking til prosjektet «INJECT Noreg: Kreativ støtte til lokaljournalistikk». Midlane vart brukt til å styrka den norske dimensjonen i EU Innovation Action INJECT som varte frå 2017 til 2018. INJECT utforska kreative støtteverktøy for journalistikk.
2015: TekLab fekk Små driftsmidlar frå Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB til forsking og utvikling knytt til innovasjonsprosjektet INJECT; eit samarbeid med City University London og lokalavisene Hallingdølen, Hordaland og Sunnhordland.
Tusen takk til alle dei organisasjonane som gav pengestøtte til TekLab!