Rapport frå prosjektet "Automatiserte nyheiter"

Universitetet i Stavanger og TekLab fekk 312.000 kr i støtte frå Rådet for anvendt medieforsking (RAM) for perioden 2020 til 2021. Vi publiserer her rapporten til RAM der vi gjer greie for aktivitetane og resultata.
Studentar på kurset Undersøkende journalistikk (BJO201) ved Universitetet i Stavanger prøver ut Tipps-applikasjonen hausten 2020.
Publisert: 13. februar 2022

Rådet for anvendt medieforsking (RAM) tildelte 312.542 kr til prosjektet "Automatiserte nyheiter" for perioden 2020 til 2021. Her følgjer ein rapport som viser kva vi lovde å gjera, og kvar resultat vi har oppnådd. Sjølv om prosjektperioden som vart finansiert av RAM no er offisielt slutt, fortset prosjektet med midlar frå andre kjelder.

Prosjektet utgår frå Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger (UiS) der professor II Lars Nyre og fyrstelektor Espen Reiss Mathiesen er initiativtakarar og hovudansvarlege. Prosjektet vert også støtta av det akademiske nettverket TekLab der Lars Nyre er leiar. TekLab finansierer blant anna vidare lønn til vår vitskaplege medarbeidar.

Delprosjekt 1: Oversyn over AI-bruk i norske redaksjonar

Ansvarleg for delprosjekt 1 er Espen Reiss Mathiesen. Jo Fridstrøm har bidratt med transkripsjon og koding av materiale. Lars Nyre har bidratt med tekstredigering.

I søknaden sto det at vi skulle arbeida med spørsmålet "Kva slags kunstig intelligens-løysingar er i bruk internasjonalt og i Norden pr. 2019-2020?" På grunn av vanskane med å dra på reiser valde vi å fokusera på situasjonen i Noreg. Det vert for øvrig gjort stadig fleire studier internasjonalt, og det framsto som meir verdifullt å bidra til kartlegging og analyse av journalistikken her heime. Vi har kartlagt situasjonen knytt til bruk av kunstig intelligens (KI) i nasjonale og regionale medium, og spurt dei kva dei trur om framtida. Vi har utfører kvalitative intervju med redaktørar, teknologiansvarlege og journalistar i utvalde mediehus. Vi retta oss etter Norsk samfunnsvitskapleg datateneste sine råd om personvern.

Resultat 1.1: Espen Reiss Mathiesen er hovudforfattar på eit bokmanuskript som vi ynskjer å få publisert på nettstaden til Norsk journalistlag, Redaktørforeningen eller Norsk presseforbund. Det har tittelen "Gunstig intelligens. En rapport om bruk av kunstig intelligens i norske redaksjonar i 2021" (sjå vedlegg 1.1). Denne teksten skal utviklast vidare, og vi reknar med at den vert ferdig sommaren 2022.

Resultat 1.2: Kunnskap som resultat av intervju og undersøkingar er brukt til førelesningar for mediestudentar i faget Redaksjonell prosjektutvikling og entreprenørskap (BFJ302), i faget Introduksjon til Journalistikk (BJO101) og i faget Undersøkende journalistikk (BJO201).

Resultat 1.3: Jo Fridstrøm fekk reisemidlar til å dra på Data-Skup, og han skreiv ein formidlingsartikkel som kan lesast her: https://teklab.uib.no/artikler/data-skup-fra-perspektivet-til-en-sku-jomfru/.

Delprosjekt 2: Design og evaluering av tipsapplikasjonen Tipps

Ansvarleg for delprosjekt 2 er Lars Nyre. Jo Fridstrøm har bidrege med survey, tilrettelegging av teknologi, intervjuing, transkripsjon og koding av materiale. Espen Reiss Mathiesen har bidratt med analyse.

Vårt prosjekt bidreg direkte inn i eit utviklingsprosjekt knytt til automatisering av journalistikk, og det vert drive av teknologifirmaet Future Solutions på Bømlo i samarbeid med dei tre lokalavisene Hordaland, Sunnhordland og Hallingdølen. I søknaden skreiv vi at vi også skulle evaluera prosjektet "Hordaland.AI", men det vart ikkje laga ein slik teknologi, og det gjekk difor heller ikkje an å evaluera den.

Tipps er ein tipsteneste for mobiltelefon som rettar seg til unge menneske og ynskjer å gjere dei til bidragsytarar til lokalavisene. Vi har undersøkt korleis mobilappen Tipps fungerer. Vi har gjort brukarevalueringar med journaliststudentar ved UiS og journalistar frå ulike mediehus i Stavanger. Det har vore særleg viktig for oss å forstå korleis Tipps-appen kan appellera best mogeleg til unge folk. For å finna ut av dette har vi utført ei "kritisk formativ evaluering". Ei formativ evaluering handlar om å teste korleis ein prototype virkar i si noverande form, og samle innsikt om korleis den kan forbetrast i nye versjonar. Vi retta oss etter Norsk samfunnsvitskapleg datateneste sine råd om personvern.

Resultat 2.1: Vi har skrive ein engelskspråkleg vitskapleg artikkel med Lars Nyre som førsteforfattar, Espen Reiss Mathiesen som andreforfattar og Jo Fridstrøm som tredjeforfattar. Vi sendte manuskriptet til fagvellevurdering i Digital Journalism, men der vart det diverre refusert. Vi fekk konkrete tilbakemeldingar, og etter å ha revidert manuskriptet sendte vi det til Journalism Practice. Vi ventar enno på svar. Vi vil fortsetje å revidere og sende det inn til vi får den akseptert. Sjå vedlegg 2.1.

Resultat 2.2: Vi har skrive eit engelskspråkleg vitskapleg bokkapittel i samarbeid med kunstig intelligens-forskarar ved UiB og Open University, Milton Keynes. Dette manuskriptet er basert på dei tekniske prinsippa for Tipps-applikasjonen, utan å vera basert på intervjustudiene våre. Tittelen er "Deep learning to encourage citizen involvement in local journalism". Forfattarane er Bjørnar Tessem og Lars Nyre ved UiB, Michel dos Santos Mesquita, tidlegare Future Solutions og Paul Mulholland, Knowledge Media Institute, The Open University, UK. Kapitlet vert publisert i Ville J.E. Manninen, Mari K. Niemi, Anthony Ridge-Newman (eds.) (2022) Futures of Journalism. London: Palgrave MacMillan. Sjå vedlegg 2.2.

Resultat 2.3: Vi leverte inn innovasjonssøknader til UH-nett Vest, Norges Forskningsråd og UiB Idé. Hausten 2020 fekk vi 250.000 kroner i støtte frå UH-nett Vest til å førebu ein søknad til Norges forskingsråd (NFR) saman med prosjektleiar Christen Hermansen i Future Solutions og redaktør Lillian Holden og dagleg leiar Ola Stave i avisa Hallingdølen. Vi sendte inn ein søknad til innovasjonsprosjekt i næringslivet 2021 med frist 20. september. Søknaden har tittelen: "TIPPS+NYHETSBYGGER. Verktøy for aktivering av unge lesere og verktøy som hjelper redaksjonen med produksjon av artikler". Søknaden vart diverre ikkje innvilga. I februar 2022 søkjer vi UiB Idé om midlar til det same prosjektet. Fristen er 15. februar. Sjå vedlegg 2.4.

Resultat 2.4: Vi har gjennomført tre undervisningssamarbeid der studentar på ulike måtar utforskar Tipps-appen. Vi hadde ein workshop der dei prøvde ut Tipps-applikasjonen og fylte ut ein survey. Vi engasjerte studentane på Redaksjonell prosjektutvikling og entreprenørskap, kurskode BFJ302, våren 2021. Dei samarbeidde med våre partnerar Future Solutions, Factiverse og Quest for å komme med forslag til korleis deira journalistiske teknologiar kan appellera til unge brukarar. Også ved Universitetet i Bergen hadde vi eit undervisningssamarbeid med Future Solutions og Quest våren 2021. Studentgrupper laga funksjonelle prototypar på forbetra løysingar for automatisering av journalistikk. Jo Fridstrøm var mentor for studentane i Bergen.

Resultat 2.5: Masterstudent Jo Fridstrøm ved UiS hadde praksis i TekLab og Future Solutions hausten 2021 som del av eit kurs som inngår i masterprogrammet i samfunnssikkerheit ved SV-fakultetet. Her gjorde han verdifullt utviklings- og forskingsarbeid både for RAM-prosjektet og for dei andre partnerane. Arbeidet er avspegla både i bokmanuskriptet (resultat 1.1) og det vitskaplege artikkelmanuset (resultat 2.1).

Delprosjekt 3: Verdiorientert innovasjon

Ansvarleg for delprosjekt 3 er Lars Nyre, Espen Reiss Mathiesen og Jo Fridstrøm i fellesskap. Her går vi djupare inn i kva slags løysingar er det realistisk å ta i bruk i norske journalistiske fagmiljø, og kva slags verdiar som bør fremjast med slik innovasjon.

Målet var å arrangera eit tverrfagleg seminar rundt temaet automatisering av nyhende, og drøfta den sannsynlege nytteverdien av ulike tekniske løysingar for lokaljournalistikken i framtida. Vi ville invitera seks akademiske ekspertar på fagfeltet, pluss samarbeidspartnerane våre frå lokalmediene og journaliststudentar til eit arbeidsseminar i Stavanger. På grunn av COVID19 vart det uråd å gjennomføra dette, og vi måtte finna alternative løysingar.

Resultat 3.1: Råmateriale til eit bokkapittel om verdien av ny teknologi for lokaljournalistikken. Materialet vart samla inn på ei rundreise der Reiss Mathiesen og Fridstrøm gjorde intervju med sentrale aktørar bak Tipps, og også akademiske forskarar i Media City Bergen. Det er meininga å skriva gjera dette til eit kapittel i rapporten som er omtalt under resultat 1.1.

Resultat 3.2: Ei pedagogisk satsing på kunstig intelligens og automatisering av journalistikk i nettverket TekLab der både Nyre og Reiss Mathiesen er sentrale. TekLab fekk 5 millionar kroner i støtte frå HK-dir i desember 2021. Det nye prosjektet heiter TekLab Bedrift, og har ei satsing på augmentering av journalistikk med kunstig intelligens. Denne satsinga er tungt inspirert av arbeidet i RAM-prosjektet. Les meir om det her: https://teklab.uib.no/artikler/fem-millioner-til-teklab-bedrift/.


Publisert: 13. februar 2022
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram