Studentar blir droneoperatørar

I vår har studentar ved tv-produksjon fått prøvd seg på dronefoto i samarbeid med NRK.
Sindre Skrede. Foto: Martina Myhrberg
Publisert: 26. april 2021

TV-produksjon er ei av studieretningane som er lokalisert i Media City Bergen ved Universitetet i Bergen. Eitt av emna studentane skal gjennom i løpet av bachelorgraden er TVP104 – Konsept og idéutvikling IIDette semesteret har tolv studentafått moglegheit til å arbeide med dronar. Primus motor for dette prosjektet har vore Sindre Skrede frå NRK. Skrede er utdanna journalist og medievitar frå Universitetet i Bergen, men har lenge hatt stor interesse for elektronikk. Han har flydd dronar for NRK sidan 2017. I dette prosjektet har Sindre vore rettleiar for studentane og hjelpt dei på vegen mot Luftfarttilsynet sin eksamen for å fly med dronar i open kategori A1/A3.  

 

Ein essensiell del  

Det har vore eit mål for kurset at studentane i løpet av fire veker skulle kunne produsere ein kort film der dronebilete var eit vesentleg element. For å kunne gjennomføre dette, var studentane avhengige av å mellom anna kunne lære seg nok teori til å ta eksamen hjå Luftfartstilsynet, lage ein sikkerheitsplan for droneoperasjonen og lære om historieforteljing med dronebilete. 

 

“Det er kjekt å se at studentene nå kan bruke sin nyervervede dronekunnskap videre i studieløpet og så klart senere i arbeidslivet.” - Sindre Skrede 

 

Bilete frå lufta er ein essensiell del av moderne medieproduksjon. Det er aktuelt for alt i frå nyhende, til dokumentar og dramaproduksjon. I følgje Skrede har det med åra blitt lettare, men samstundes meir utfordrande å drive med dronefoto i journalistikk, film og TV-produksjon. Det er positivt at dei tekniske verktøya er enklare å ta i bruk, og i mykje større grad tilgjengeleg enn før. Samtidig er det òg heldigvis fleire og strengare krav for å kunne få løyve til å operere dronane.  

 

LES OGSÅ: SJÅ STUDENTANE SINE FILMAR

 

Eit omfattande samarbeid 

Etter at Skrede fullførte mastergrad hjå UiB, har han haldt kontakt med fagmiljøet. I fjor haust førte det til at eit samarbeid med dronekurs som tema for studentar på TV-produksjon blei til. Det har vore fleire viktige pådrivarar for dette kurset; Lars Nyre, som teknologientusiast og med god kunnskap innan innovasjonspedagogikkAugust Botne Sandberg og Erlend Lavik, fagansvarlege for TVP104; Terje Thue, har stått for innkjøp av dronar og ordning av alle byråkratiske utfordringar; Zulfikar Fahmy, har gitt studentane verdifull innsikt i bruk av dronebilete i historieforteljing; Kristin Ytre-Arne, programsjef i NRK region Vest som har gitt løyve til å låne ut Sindre til UiB, og Rebecca Nedregotten Strand, som har hatt ansvar for den praktisk-journalistisk-dramaturgiske delen av kurset.  

 

Vegen vidare 

For studentane har det vore verdifullt å kunne opparbeide seg erfaring og kvalifikasjonar som kjem godt med i arbeidslivet seinare, men det blir òg interessant å sjå kva som kan kome ut av at mediebedrifter som NRK ønskjer å samarbeide med innovative utdanningsinstitusjonar som Universitetet i Bergen. Kan ein formidle viktig journalistikk på nye måtar? Eller fornye dramaproduksjon på spennande vis? Det er nesten berre fantasien som set grenser! 


Publisert: 26. april 2021
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram