TV-produksjon er ei av studieretningane som er lokalisert i Media City Bergen ved Universitetet i Bergen. Eitt av emna studentane skal gjennom i løpet av bachelorgraden er TVP104 – Konsept og idéutvikling II. Dette semesteret har dei fått moglegheit til å arbeide med dronar. Det har vore eit mål for kurset at studentane i løpet av fire veker skulle kunne produsere ein kort film der dronebilete var eit vesentleg element.
LES OGSÅ: STUDENTAR BLIR DRONEOPERATØRAR
Produksjonane er no tilgjengeleg for syning her hjå TekLab.
To Minutt
Produsert av: Gjermund Torp Nordby, Ann Beate E. Hovland, Inga Totland og Lisa Berge.
Dale Oen Academy
Produsert av: Daniel Hellstrøm Eriksen, Martina Myhrberg, Karen Mathea Ulvund Solstad og Penelope Larsen.
BAOT
Produsert av: Oskar Rennedal, Erlend Havsgård Martinsen og Erik Teige.