TekLab er slutt

TekLab-prosjektet blei avslutta i 2025 etter ti års studentaktiv utforsking av ny teknologi. Denne nettstaden var viktig for både studentar og lærarar, og blir no omgjort til eit online arkiv. Alt me publiserte vil finnast her i årevis framover.
Sentrale deltakarar i TekLab-prosjektet: Ståande frå venstre: Helene Høylandskjær, Julia Hellem Brandt, Lars Nyre, Margareth Pollestad, Kjetil Vaage Øie og Karsten Quix. Sittande frå venstre: Lone Nyløkken, Janina Wildermuth, Nora Storebø og Audun Klyve Gulbrandsen.
Publisert: 2. august 2025

Kva dreiv vi eigentleg med?

TekLab hadde to fasar. Frå 2015 til 2021 var det eit tiltak som UiB finansierte med sporadiske pengetildelingar. Frå 2021 til 2025 vart det finansiert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) med saman ti millionar kroner. Føremålet var heile tida det same.

Vi var mest opptatt av framtida. Unge menneske har omtrent femti år framfor seg i yrkeslivet. Det kjem til å oppstå mange omveltande teknologiar som dei må læra å bruka. Korleis kan utdanningar best handtera problema med at ny teknologi stadig endrar vilkåra for arbeidslivet? Kva bør utdanningar gjera for å dyrka fram ein samfunnsnyttig kompetanse hjå elevar og studentar?

TekLab sitt svar var at studentane må lærast opp til å utforska verdiforslag for ny teknologi ved hjelp av innovasjonspedagogikk. TekLab la opp til at studentane skulle gå i bresjen i teknologiutviklinga, og vi satsa både på eksperimentell utforsking av framveksande teknologi og næringsorienterte verdiforslag. Jo høgare innovasjonskompetanse norske arbeidstakarar har, jo større sjanse er det for at dei bidreg til ei verdifull samfunnsutvikling.

Det er vanskeleg å oppsummera resultatet av den store innsatsen som studentar, faglærarar og bransjepartnerar har lagt ned. Men vi måtte naturleg nok skriva sluttrapportar til HK-dir, og dei gjer godt greie for den nye kunnskapen vi meiner å ha skapt. Du kan lesa rapportane her:

Innovasjonspedagogikk

Aktivitetane til TekLab blei heile tida omtalt som "innovasjonspedagogikk". For å forklara kva vi meiner med dette begrepet, må vi ta innover oss nokre utfordringar som medieutdanningar i vår tid står overfor.

Verktøya som blir brukt til mediedrift endrar seg jamt og trutt. Mange fagområde er nye og usikre, utan etablert kunnskap. Utviklinga har gått frå papir til skjerm, frå PC til mobil, frå blogg til sosiale medium, frå Google Translate til ChatGPT4. Etablerte praksisar vert brotne ned og då gjeld ikkje tidlegare ekspertisen lenger. Det er faktisk ingen som er ekspertar. Kva skal utdanningane gjera då?

Tradisjonell undervisning handlar om å formidla etablert kunnskap til noviser. Det kan kallast disiplinkunnskap og «best practice». Ekspertar trenar opp dei unge til å gjera ting riktig. Dei lærer t.d. matematikk, historie og journalistikk. Dei unge er i praksis for å læra seg å utføra yrket sitt riktig og får svennebrev eller vitnemål.

TekLab utforska altså ein metode som blir kalla innovasjonspedagogikk. Målet var å utforska studentaktive lærings- og vurderingsformer som kan gjere studentar betre i stand til å skape samfunnsverdi og bli dyktige på område der det ikkje finst ekspertise enno.

Innovasjonspedagogikk dreier seg om å utsetja studentane for stor usikkerheit på ein planmessig måte. Den danske forfattaren Lotte Darsø har skrive ei heil bok om innovasjonspedagogikk, og ho seier at:

«det drejer sig om at hjælpe de studerende til at lære at leve med evig usikkerhed i en skrøbelig verden fuld av paradokser, der ikke kan løses. De må uddannes til at tro på sig selv, til at have selvværd og til at kunne motivere sig selv» (Darsø 2011, s. 15).

TekLab gav studentane ei sjølvstendig rolle i den ustadige teknologiutviklinga. Dei måtte sjølve finna ut korleis dei skulle handtera endring. Vi baserte oss på studentane sine ferdigheiter med sosiale medium, dataspel og KI, og ba dei forma nye løysingar utfrå deira allereie opparbeidde digitale kunnskap. Vi lærte dei å designa prototypar på nye løysingar som dei sjølve hadde tru på at kunne bli verdifulle for samfunnet.

Verdiforslag

Begrepet "verdiforslag" var sentralt for TekLab. Våre faglærarar omorganiserte eksisterande kurs slik at studentane måtte leita etter mogeleg ny verdi med metodar for design og entreprenørskap. Dei eksperimenterte med ulike verdiforslag og testa dei med ulike brukargrupper. Resultatet kalla vi både "verdiforslag", "prototypar" og "løysingar".

På våre kurs blei studentar ofte sett til å samarbeida med mediebedrifter eller designbyrå for å laga løysingar som kunne vera verdifulle for desse oppdragsgivarane. Studentane utforska sosiale medier for mobilen, virtuell og augmentert verkelegheit, og ikkje minst kunstig intelligens i ulike former. Dei laga konkrete, testbare prototypar, og samla data om responsen frå ulike testbrukarar. Så skreiv dei rapportar til partnerane sine.

Prototypinga skjedde med akkurat slike metodar som er vanlege i startup-miljøa og i utviklingsavdelingane til store mediefirma såvel som i turismen, museumssektoren og liknande bransjar. Blant metodane er sprint-basert prototyping, lean-utvikling av forretningsutvikling, deltakande design og og pitching og formidling av prosjekta.

Her er eit godt eksempel: Den KI-baserte løysinga "Enkl" forenklar språket i nyhetssaker slik at dei skal bli enklare å lese for folk med dysleksi. «Enkl» brukar kunstig intelligens, spesifikt generative språkmodellar, til å lage tre versjonar med ulike vanskegrader. Studentane testa fleire tilnærmingar til tekstforenkling ved å instruere GPT-3 modellen med ulike prompts. Studentane forsøkte å bruka ny teknologi til å hjelpa ei svak gruppe i samfunnet.

StudentDemo

TekLab krevde alltid at studentane skulle presentera prototypane sine offentleg. TekLab laga svært mange offentlege arrangement der studentgruppene presenterte prototypene sine. Ofte hadde vi 100-150 gjester, og var både livleg og skummelt for studentane å stå på scenen framfor så mange.

Studentane fekk verdifull tilbakemelding frå viktige interessentar, og god trening i offentleg åtferd. Dei måtte jo stå ansvarlege for løysingane overfor både medstudentar, faglærarar og bransjefolk. Dei fekk større eigarskap til prototypane sine gjennom den risikoen og prestisjen som låg i offentliggjeringa. Og mange av dei fekk lyst å sjå prototypen realisert i marknaden, eller fekk ambisjonar om å bygga videre på dei beste idéane i nye samanhengar.

Her er nokre oppslag vi laga i samband med StudentDemoar:

Bransjerapportar

TekLab publiserte bransjerapportar der studentane presenterte sine prototypar og innsikter på ein velformulert og metodisk ryddig måte. Vi publiserte svært mange slike rapportar på vår nettstad etter samtykke frå studentane. Studentane kunne bruka rapportane på CVen og visa dei fram som ein del av porteføljen sin når dei søkte jobbar. TekLab hadde også ein profil på LinkedIn der vi systematisk formidla slike prosjekt.

MVP-prisen

TekLab delet ut «MVP-prisen». MVP står for «minimum viable prototype», og prisen blei delt ut til det mest lovande verdiforslaget på eit gitt kurs. Vi hadde ofte "StudentDemo" med fleire kurs der gruppene konkurrerte om MVP-prisen. Vinnaren blei kåra av ein jury med representantar for medie- og designbransjen. Her er nokre av MVP-vinnarane:

Lærebok

TekLab gav ut "Håndbok i innovasjon for studenter» i 2025. Den er gratis og lett tilgjengelig på nettet. Boka handlar om innovasjons- og designmetodar. Den gir ei rask innføring i korleis du kan designe prototypar og utvikle verdiforslag.

Forskingspublikasjon

TekLab-miljøet står bak eit dobbeltnummer av Norsk medietidsskrift med seks vitskaplege artiklar om erfaringar med innovasjonspedagogikk. Artiklane handlar om korleis medieutdanningar bør handtera dei stadige endringane i teknologi som påverkar mediesektoren spesielt og høgare utdanning generelt.


Publisert: 2. august 2025
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram
TekLab
Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.