Studentar ved Høgskulen i Volda prøver ut ein ny metode som vi kallar "kritisk formativ evaluering". Dei vurderer potensialet i ein app for augmented reality (AR) på mobiltelefonen.
Full konsentrasjon blant studentane i Hidden Kultur-gruppa.
Lars Nyre
Tekst/foto
Publisert: 14. februar 2022
Studentar på MID211 Nye medium ved Høgskulen i Volda har prøvd ut ei ny undervisningsform som vi kallar "kritisk formativ evaluering". TekLab publiserer no dei fire rapportane som vart laga.
Potensialet i framveksande teknologi
TekLab støtter opp under læringsformer der studentar prøver å finna ut av potensialet i framveksande teknologi ("emerging technology") saman med faglærarar og verksemder. Vi har eit langsiktig samarbeid med utviklarane bak mobilappen Hidden som er i ferd med å laga ein mobil-AR-versjon av appen sin.
I november 2021 var kurset MID211 Nye medium innretta for å utføra ei kritisk formativ evaluering av Hidden, med fokus på å foreslå forbetringar i Augmented Reality-opplevinga. Kurset har studentar frå Medieproduksjon (tredjeåret), Design (tredjeåret) og journalistikk (andreåret).
Hovudspørsmålet
Kva er det som fungerer godt og mindre godt i Hidden? Kva slags fornying og vidareutvikling bør Hidden vurdera?
Dei ferdige rapportane er no publiserte på TekLab og kan lesast ved å klikka på lenkene her. Alle dei involverte studentane har gitt sitt samtykke til publiseringa.
TekLab spanderte middag på studentar og faglærarar på restauranten Fugl Føniks i Ørsta. Julie Killingberg bidrog med eit sjølvkomponert dikt på klingande nynorsk. Alt er som det bør vera i Ivar Aasens land.
Obligatorisk arbeidskrav
Studentane gjorde dei formative evalueringane som eit obligatorisk arbeidskrav. I løpet av to workshopar med ei vekes hardt arbeid i mellom lagde studentane kritiske evalueringar og velbegrunna forslag for korleis Hidden kan bli betre. Dei la særleg vekt på Augmented Reality-funksjonar.
Innsatsen hadde altså to hovudføremål: å gjera ei kritisk evaluering av Hidden og formulera forslag til nye design og funksjonar som kan forbedra ytelsen.
Det vart laga grupper som arbeidde med metode, datainnsamling og presentasjon. Faglærarane laga gruppene utifrå eit ynskje om at deltakarane skulle ha ein variert studiebakgrunn, ulike faglege interesser og god kjønnsfordeling.
Faglærarane var Lars Nyre, Ivar John Erdal, Kjetil Vaage Øie og Rebecca Nedregotten Strand.
Bransjerapport
Hovudspørsmålet var som nemnt: Kva er det som fungerer godt og mindre godt i Hidden? Kva slags fornying og vidareutvikling bør Hidden vurdera?
Gruppene skulle laga ein evalueringsrapport på 2000 ord, og den skulle vera skriven på ein lettfattleg måte til travle bransjefolk. Målgruppa er primært Hidden som oppdragsgivar for evalueringane, men den skulle også vera lesbar for interesserte lesarar på TekLab.
Rapporten skulle vera visuelt pen, med pedagogisk framstilling, ryddig kjeldebruk og etterretteligheit. Foto, illustrasjonar og grafar var både velkomne og forventa.
Studentane Anette Valle og Astri Aspen har nettopp presentert Hidden School. Dekan Kate Kartveit kommenterer prosjektet, og Øyvind Steensen frå Hidden er med på Zoom.
StudentDemo
Kurset byrja med ein todagars workshop torsdag 7. og fredag 8. oktober: Deretter jobba gruppene sjølvstendig med evalueringa veka etterpå, med eit rettleiingsmøte med Ivar John Erdal. Den andre workshopen var torsdag 21. og fredag 22. oktober.
På fredagen var det offisiell presentasjon av evalueringane med ein hybrid Student-Demo. Kvar gruppe fekk 10 minutt inkludert kommentarar. Vi inviterte Hidden v/ Øyvind Steensen til å kommentera rapportane, og han vart både glad for og litt stressa av den grundige kritikken.
Vi hadde også med oss dekan Kate Kartveit, og andre stabsmedlemmer ved HVO såvel som TekLab-folk i Stavanger og Bergen.
Kritisk vurdering
Gruppene vurderte den eksisterande løysinga (løysing 1) og kom med forslag til nye funksjonar i ei hypotetisk løysing (løysing 2). De peika ut ein veg innover i framtida, der Hidden fungerer (endå) mykje betre enn i dag.
Gruppene skulle utforska tre kvalitetar ved Hidden i den formative evalueringa.
Grensesnitt. Grensesnittet bør vera gjenkjenneleg samanlikna med relevante nettstader, sosiale medium og mobilappar. Det bør ikkje vera for mange nye og originale funksjonar som gjer at folk må anstrenga seg, lesa manual for få det til, etc.
Pedagogiske funksjonar. Applikasjonen bør ha støtte for læring, vera pedagogisk utforma, ha god formidling av faktaforhold, historier, etc. Det bør vera rikt medieinnhald, for eksempel lyd, video og AR.
Appell til unge brukarar. Applikasjonen bør ha funksjonar som appeller til unge folk fra ca. 12-15 år til 20-25. Det kan vera gamification, belønning, poengscore, sosiale funksjonar, etc.
Metode
Det var særleg viktig å prøva ut lokative funksjonar ute i felten. Det er studentanes fortolking og resonnement som dannar råmaterialet for rapporten.
Kvar gruppe laga eit eige skjema med ca. fem spørsmål for kvar kvalitet. Kvar student svarte individuelt på skjemaet, og fylte ut fritekstfeltet. Dei brukte appen i ulike situasjonar som var relevante for deira interesse.
Eit visst problem: Må endrast med moderat innsats.
Eit alvorleg problem: Må endrast med tidkrevande innsats.
Katastrofe: Må endrast umiddelbart, eller denne funksjonen må fjernast.
Meir om formative evalueringar
Det kan seiast å vera to typar evalueringar: formative og summative. Når kokken smakar suppen er det ei formativ evaluering, når gjestene i restauranten smakar den er det ei summativ evaluering.
Formative brukarevalueringar samlar inn kvalitative data med mål om vidare utforming av design og funksjonalitet. (Omgrepet er forresten også kjent frå vurdering av læringsformer). Vi snakkar altså ikkje om nøytrale undersøkingar for å finna fakta, men ein metode for å identifisera måtar produktet eller aktiviteten kan forbetrast på.
Formative evalueringar er innretta på å oppdaga problem med brukaropplevinga (UX) for å kunna løysa dei og finpussa designet. Jo meir kritisk og velinformert den formative evalueringa er, jo betre vil løysingane kunna bli i neste omgang.
Testbrukarane er ofte involverte i prosjektet, til dømes kan dei vera tilsette i firmaet, relevante kontaktar på det aktuelle feltet, eller studentar på relevante fagområde. Det er vanleg å ha mellom 5 og 20 testbrukarar til slike formål.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.