Hjelper TV 2 med å lage framtidas strøymetenester

Våren 2021 samarbeidde studentar ved medie- og interaksjonsdesign med TV2 Play. Målet var å finne gode løysingar for framtidas strøymetenester.
Skjermbilete frå arrangementet med TV 2. Over 40 TV 2-tilsette såg på presentasjonane.
Publisert: 10. november 2021

Trass eit pandemiprega semester med mykje kommunikasjon på digitale plattformar, har studentar på emnet MIX202 - Design for mediebruk på studiet medie- og interaksjonsdesign ved UiB gjort ein strålande innsats. Tidlegare har kurset til dømes tatt føre seg formidling av klimakommunikasjon og undersøkt navigasjon av nyheitssider på nett.

Kurset består av to modular. Først skal studentane evaluere eksisterande medieinnhald ved hjelp av metodar som blikksporing og stressarmband. I modul 2 er målet å kunne utvikle ein prototype basert på innsiktene frå modul 1. Dette gir studentane moglegheit til delta i heile prosessen, frå idé til ein funksjonell prototype. 

Scroll ned for å sjå dei seks prototypane studentane laga.

Tett samarbeid

Fredrik Jensen og Oda Nordberg er doktorgradsstipendiater hjå UiB og har vore  faglærarar på kurset dette semesteret. Jensen fortel at årets fokus har vore strøymetenesta TV2 Play (tidligare TV2 Sumo). Studentane har drive med innsiktsarbeid med utvelde demografiske grupper, deretter har innsikta blitt analysert og blitt til unike rapportar med analysar av innsiktsarbeid med dei utvelde målgruppene. Halvparten av studentane har hatt fokus på nyhende, medan resten har hatt fokus på sport.

Resultatet har blitt til prototypar basert på rapporten frå modul 1, pitchvideoar som formidlar konseptet og storyborads for kvar video.

- Eit slikt samarbeid gir studentane innsikt i korleis bransjen fungerar, og får skaffa seg relevant erfaring. Bransjepartnarar får ekstra arbeidskraft som kan sjå på ulike område og vinklingar dei vanligvis kanskje ikkje hadde hatt moglegheit til elles, seier Fredrik Jensen.

Kurset hadde også tung medverknad frå fleire andre. Professor Lars Nyre hadde ansvar for teoriforelesingar og var også kursleiar saman med Fredrik og Oda. Overingeniør Fahmy Zulfikar var ansvarleg for visuell estetikk og storyboarding. Studentar Jonathan Lindø Meling og Maj-Inga Holmsen bidrog med oppfølging av gruppene gjennom heile semesteret.

Bidrar til fagmiljøet

Dette semesteret har studentane på emnet fått sjansen til å samarbeide med TV2. Ein viktig bidragsytar for denne gjennomføringa har vore Eva Husby frå TV2 som har mange års erfaring med produktutvikling. Hennar rolle har vore å hjelpe studentane med rekruttering av målgrupper til innsiktsarbeid og sørgja for at dei er oppdaterte på informasjon, rettleiing og tilbakemeldingar. 

Eva Husby. Foto: Privat.

Samarbeidet mellom UiB og TV2 har vore bra, seier Husby.

- For TV2 har det vore lærerikt å kunne få nye innspel og innsikt om relevante målgrupper og idear til konsept og funksjonalitet vi kan arbeide vidare med, i tillegg er det fint å få feedback frå unge, kreative hovud på ting vi arbeider med kvar dag og kanskje har sett oss litt blinde på. Dessutan ønsker TV2 å bidra til eit sterkt fagmiljø rundt interaksjonsdesign og brukaropplevingar i Bergen, seier Husby. Vidare er planen å fortsette samarbeidet nye kull på medie- og interaksjonsdesign.

Vi ser det som en god investering å bidra til å utdanne fremtidens mediedesignere.” - Eva Husby

TekLab publiserer prosjekta

Lars Nyre, som er leiar for TekLab, fortel at det er veldig kjekt å kunne publisere alle dei seks studentprosjekta. Det er eit rikhaldig materiale med pitchvideo, klikkbar prototype, spesifikasjon av prototypen og rapportar med innsikter frå brukarundersøkingane som vart gjort vinteren 2021.

"Prototypane er levert inn som eksamensarbeid, og vart sensurert på vanleg måte. Då sensuren var overstått bad TekLab om samtykke til å publisera alt materialet på vår nettstad, og både studentane og TV 2 gjekk med på dette. Dette er ein litt omstendeleg prosess, men det er viktig å følgja alle avtalar og regelverk til punkt og prikke», seier Lars Nyre.

Nedanfor gjengir vi presentasjonen som vart laga til DEMO-arrangementet med TV 2 fredag 11. juni 2021. Ved å klikke på lenkene kjem du inn i ein fyldig presentasjon av kvart prosjekt.

Gruppe 1: TV 2 Key

Vi har laget en prototype av en personalisert nyhetsapp for ungdom i alderen 18-19 år, som vi har valgt å kalle TV 2 Key. Konseptet innebærer at brukerne selv kan bestemme hva de skal få opp i nyhetsfeeden sin ved hjelp av nøkkelord som fremhever og blokkerer temaer, i tillegg til andre funksjoner som vi har utviklet basert på innsikt om unges medievaner.

Deltakere på gruppe 1: Yiwen Jiang, Kristin Forsberg Dahle, Sigrid Hoddø Bakås, Yara Corte-Real Mathisen, Susanne Ryland.

Gruppe 2: TV 2 Grow

TV 2 Grow er en kronologisk samling av innhold til et aktuelt nyhetstema og gjør det enkelt å få oversikt i større saker. Tjenesten gir deg alt du trenger å vite om et tema som for eksempel sammendrag, hvem som er aktørene og ulike meninger fra sosiale medier.

Deltakere på gruppe 2: Valerie Joanne Halvorsen, Vegard Seljelid Feste, Jonas Gripsrud Hjelmeland, Marie Søvik Bakkevold, Marina Heggernes Jensen.

Gruppe 3: Guri Guide - Din hjelper i TV 2 Play

Guri er en vennlig robot som hjelper nye brukere i gang med TV 2 Play. Guri kan på lengre sikt både fungere som en stemmestyrt assistent for brukeren, et nyttig bindeledd mellom brukerne og kundeservice, og potensielt en kjent figur på tvers av flere av TV2s plattformer.

Deltakere på gruppe 3: Une Kristina Halvorsen, Julie Sofie Berntsen, Christina Maria Osborne, Ellen Sofie Engen, Anine Hamre Jakobsen

Gruppe 4: TV 2 Play-kalenderen

Med vårt konsept trenger du aldri gå glipp av en kamp eller sending igjen. Gjennom en detaljert onboarding lages en personalisert planlegger/kalender som hjelper deg holde styr på TV 2 Play innholdet ditt. Med justerbare varsler passer den på at du aldri blir sent ute til kampen.

Deltakere på gruppe 4: Olivia Louise Glittenberg, Vendel Amalie Eikemo, Emma Hjellestad, Sebastian Taylor, Even Sæbø Berntsen

Gruppe 5: TV 2 XPLORE

TV 2 XPLORE er en utforskmodus som skreddersyr brukeropplevelsen for hver bruker. Vi har laget et konsept som bryter med den tradisjonelle utformingen på strømmetjenester og leter etter innhold kun for deg. Ta posisjoner blant strømmegigantene med XPLORE - ikke skroll bort tiden din!

Deltakerne på gruppe 5: Kamilla Wigestrand, Julia Hellem Brandt, Helene Høylandskjær, Erling Stavn Qvale, Markus Berg Hannevik

Gruppe 6: TV 2 Connect

Integrert i TV2 Play har vi utviklet TV2 Connect, en sosial tjeneste som gir deg mulighet til å se programmer og sportsbegivenheter sammen med andre, uten å måtte være fysisk sammen. Brukeren kan legge til venner, opprette arrangementer, og lage avstemninger for å skape et sosialt fellesskap. Del opplevelsen, click and connect!

Deltakere på gruppe 6: Birgitte Strand, Trine Mjaatvedt, Frida Sulen, Henrik Samset, John Minh Le.

På ettermiddagen etter DEMO-arrangementet inviterte TekLab til lunsj på Olivia, og det var god stemning. Foto: Lars Nyre.


Publisert: 10. november 2021
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram